OM OPPGÅVA MI

 

Det har vore viktig for meg å laga det til slik at elevane sjølve kan velja korleis dei vil "lese" oppgåva.  Ved å ha ei indexside der dei kan velja "vegar", lar dette seg gjera.  Her kan dei "klikka" seg fram og attende og  sjølve velja kva innfallsvinkel dei vil ha.  Kanskje bileta kan vera inspirerande til vidare arbeid med musikken i denne perioden?  Dette er mitt bidrag til arbeidet med "Samfunnsutvikling i Europa 1400-1750", der eg har teke for meg musikken innan denne perioden.

 Me har laga eit tverrfagleg opplegg i samfunnsfag for 7.klasse der fag planen seier:"I opplæringa skal elevane arbeida med samfunnsutvikling i Europa frå slutten av mellomalderen til rundt år 1750. Bli kjende med kva eit nytt verdsbilete og eit nytt syn på mennesket hadde å seia for framvoksteren av moderne samfunn.  Lære om viktige personar og hendingar som tildømes Martin Luther, Gutenberg og boktrykkarkunsten, Galileo Galilei, Peter den store , renessansen og slavehandel." 

 Når det gjeld faget musikk på dette alderssteget står det: "I opplæringa skal elevane utforske korleis tid og stad kan vere med og forklare særdrag ved ulike musikkformer, samtale om og vurdere korleis musikken kan verke på oss.  Mellom anna musikk knytt til religion og ritual, til ulike ideologiar og reklame og musikk frå ulike historiske periodar."  Ut frå desse måla har eg laga denne oppgåva.

Tilbake til startsida mi!

Steinsdalen  08.05.00   Per Røberg