SAMFUNNSUTVIKLING I EUROPA 1400-1750

 

INDIVIDUELLE OPPGÅVER I HISTORIE

 

    
Nytt verdsbilete og vitskapsmenn
Bokktrykkjarkunsten og Gutenberg
Spania og den spanske armada
England og dronning Elizabeth
Frankrike og Ludvig den 14
Russland og Peter den store
Hekser og hekseforfølging
Opplysningstida og viktige filosofar

 

  1. Lag ei fin framside om denne delen, Historie frå 1400 til 1750.

  2. Lag ei tidslinje frå 1400 til 1750. merk av viktige hendingar på tidslinja.

  3. Kva påverknad fekk det på Europa at det i tida frå 1400 til 1750 vart erobra mange land i andre verdsdelar og at desse erobringane vart koloniar? 

  4. Kva er ein koloni? 

  5. Kva påverknad fekk det på forholdet mellom landa i Europa at nokre land fekk mange koloniar i andre verdsdelar? 

  6. Kva land var førande i denne perioden? 

  7. Kva er det som kjenneteiknar renessansen?

  8. Lag eit renessansemåleri.

  9. Kva tyder ordet renessanse?

  10. Kvifor trur du lærdomen frå det gamle Hellas kom på mote igjen?

  11. Lag eit kryssord om de du les om historia på 1400-1750, lat nokon annan løyse kryssordet.

  12. Lag ein spørjekonkurranse om stormaktene i Europa.

 

Nytt verdsbilete og vitskapsmenn

  1. Lag ei fin framside om det nye verdsbilete.

  2. Korleis var vitskapen på denne tida?

  3. Kven var dei store vitskapsmennene i denne perioden? 

  4. Hadde vitskapen nokon påverknad på samfunnsutviklinga i denne perioden? 

  5. Kven var Galileo Galilei?

  6. Kven var Johannes Kepler?

  7. Kva hadde dei å seie for korleis vi ser på verda i dag? 

  8. Skjedde det noko endring i korleis vi ser på verden og universet rundt oss på denne tida? 

  9. Kva er det geosentriske solsystem?

  10. Teikn det geosentriske solsystem.

  11. Kva er det heliosentriske system?

  12. Teikn det heliosentriske solsystem.

  13. Kva var så forbode å gjere at Leonardo da Vinci måtte gjere dei i løynd?

  14. Kvifor ville ikkje Nicolaus Copernicus ikkje offentleggjere funna sine før han var nær døden?

  15. Kva er Giordano Brune kjent for?

  16. Kva er inkvisisjonen for noko?

  17. Kva er Tycho Brahe kjent for?

  18. Kva er Johannes Kepler kjent for?

  19. Kva viktige oppdagingar gjorde Galileo Galilei?

  20. Skriv ei dramatisering av rettssaka mot Galilei.

  21. Kva trur du Galileo følte då han oppdaga at det var måner rundt planeten Jupiter?

  22. Kven var Isaac Newton?

  23. Kva er Isaac Newton kjent for?

  24. Korleis kan ein lage eit teleskop av brilleglas?

  25. Kven var Leonardo da Vinci?

  26. Kor er Leonardo da Vinci fødd?

  27. Kva er Leonardo da Vinci mest kjent for?

  28. Teikn eller mål Leonardo da Vinci?

  29. Kvifor trur du kyrkja var så mot at vitskapsmenn skulle fortelje alle om det dei fann ut på 1500-talet?

  30. Gjer kort greie for tankane til Copernicus.

  31. Gjer kort greie for tankane til Galilei?

  32. På kva måte braut tankane til Galilei og Copernicus med tankane til kyrkja?

  33. Kva var ein kjettar?

  34. Korleis kunne det gå med dei som gjorde opprør mot kyrkja si lære?

  35. Kvifor trudde dei at jorda var flat i middelalderen?

  36. Kva ville skje trudde dei dersom ein segla mot kanten dersom jorda var flat?

  37. Kva er du mest imponert over av det Leonardo da Vinci har gjort. Kvifor det?

  38. Kva vil det seie at nokon er eit universalmenneske?

  39. Kva for oppfinningar tenkjer du på i samband med Leonardo da Vinci?

  40. Skriv kort om vitskapsmennene nemnt i denne delen og heng det opp på tidslinja.

  41. Lag eit intervju med ein av desse vitskapsmennene.

  42. Lag spørsmål og svar til denne delen.

  43. Teikn flagga til landa der desse vitskapsmennene vart fødd.

  44. Lag ei namneliste over alle personar nemnt i delane om det nye verdsbilete.

  45. Skriv ein kort avisartikkel der du forsvarar kyrkja sitt syn korleis universet var bygd opp.

  46. Skriv ein kort avisartikkel der du forsvarar vitskapsmennene sin rett til å drive forsking.

  47. Kva tyder ordet astronomi?

  48. Finn alle årstal i denne delen, kva kort om kva som skjedde på desse årstala.

  49. Kva vil det seie å verte bannlyst?

  50. Kva var det Galileo Galilei fann ut om månen?

  51. Kvifor var det som Galilei fant ut om månen så oppsiktsvekkande?

  52. Kva var det Giordano Bruno meinte om universet som var så oppsiktsvekkande?

  53. Kvifor var kyrkja så sterkt mot det Giordano Bruno meinte om universet?

  54. Kva er ein elliptisk bane?

  55. Kvifor hadde Tycho Brahe ein nase av metall?

  56. Kvifor trur du at instrumenta som Tycho Brahe laga vart kopiert av andre astronomar?

  57. Kva fag er det Newton er kjent for å vere svært dyktig i?

  58. Kor og når døyde Leonardo da Vinci?

 

Bokktrykkjarkunsten og Gutenberg

  1. Kven oppfant boktrykkjarkunsten?

  2. Kva hadde det å seie for samfunnsutviklinga at boktrykkjarkunsten vart oppfunnen?

  3. Korleis laga dei bøker for boktrykkinga vart oppfunnen?

  4. Kva er pergament for noko?

  5. Kva er ei settekasse?

  6. Kva er ein type i trykkeri?

  7. Korleis trykte dei bøker før Gutenberg fann opp å bruke enkelttypar?

  8. Kva var typane til Gutenberg laga av?

  9. Prøv å lage ein plakat på ei treplate ved å skjere eit mønster og så trykkje det opp.

  10. Kor tid levde Gutenberg?

  11. Kor gamal vart Gutenberg?

  12. Kven var Fust?

  13. Teikn Johann Gutenberg.

  14. Fortel litt om livet til Gutenberg.

  15. Kva for ei bok var den første som vart trykt av Gutenberg?

  16. Skriv kort om Gutenberg og heng det på tidslinja.

  17. Lag ein teikneserie om Gutenberg.

  18. Lag spørsmål og svar til denne delen.

  19. Finn byen der Gutenberg vart fødd på eit kart.

  20. Finn alle årstal i denne delen, kva kort om kva som skjedde på desse årstala.

  21. Kor mange lause typar brukte Gutenberg då han laga den første bibelen?

  22. I kva samanheng er det skrive noko om ei mumie i dette emnet?

  23. Kva samanheng er det mellom boktrykkjarkunsten og reisene til Columbus og Vasco de Gama?

  24. Kva er eit handverkslaug for noko?

  25. Kor mange skinn trengte ein for å lage ein bibel?

 

Spania og den spanske armada

  1. Kva er Ferdinand og Isabella kjent for?

  2. Teikn ein gallion.

  3. Teikn slaget mellom den spanske armada og engelske krigsskip.

  4. Korleis gjekk slaget mellom armadaen og den engelske flåten?

  5. Kor mange døde soldatar vart skyld opp på dei engelske strendene?

  6. Kvifor tapte armadaen mot engelskmennene?

  7. Var England førebudd på invasjon frå Spania?

  8. Kvifor ville spanskekongen gå til invasjon av England?

  9. Kva for landområde i Europa høyrde til i det spanske riket?

  10. Kor hadde Spania koloniar?

  11. Lag spørsmål og svar til denne delen.

  12. Lag ei namneliste over alle personar nemnt i delane om det Spania og den spanske armada.

  13. Finn alle årstal i denne delen, kva kort om kva som skjedde på desse årstala.

  14. Kven var Karl V?

  15. Kva land i Europa styrte Karl V av Spania over?

  16. Kor tid vart Madrid hovudstad i Spania og kva by var hovudstad før det?

  17. Kva er Filip II av Spania kjent for?

  18. Kor mykje vog alle våpna som var ombord i skipa i den spanske armada?

  19. Kor mange mann var dei den spanske invasjonsstyrken og kor mange mann hadde England å forsvare seg med?

  20. Kven vart ein stor helt i England etter slaget mellom armadaen og dei engelske styrkane?

England og dronning Elizabeth

  1. Kva er Henrik VIII kjent for?

  2. Kven var Elizabeth ?

  3. Kor tid levde Elizabeth I?

  4. Kor tid levde Henrik VIII?

  5. Kvifor vart Elizabeth kalle jomfrudronninga?

  6. Teikn ein av kjolane til Elizabeth I.

  7. Kor lenge styrte Elizabeth England?

  8. Skriv kort om Henrik VIII og Elizabeth I og heng det opp på tidslinja.

  9. Lag spørsmål og svar til denne delen.

  10. Kor gamal var Elizabeth I då ho vart dronning over England?

  11. Lag ei namneliste over alle personar nemnt i delane om England og Elizabeth I..

  12. Finn alle årstal i denne delen, kva kort om kva som skjedde på desse årstala.

  13. Kva var Rosekrigane i England?

  14. Kven var Oliver Cromwell?

  15. Kvifor er namnet til Oliver Cromwell ennå hata i Irland?

  16. Kor tid vart Wales og Skottland ein del av det engelske rike?

  17. Kvifor er den engelske rettserklæring (Declaration of rights) så spesiell?

  18. Kvifor måtte Elizabeth avrette Maria Stuart?

  19. Kven var mor til Elizabeth I og kva skjedde med ho?

Frankrike og Ludvig den 14.

  1. Kva er einevelde for noko?

  2. Kven var Ludvig XIV?

  3. Kva er Versailles?

  4. Fortel om korleis Ludvig XIV og hoffet hans levde.

  5. Teikn eller mål Ludvig XIV i ei flott drakt.

  6. Kven var solkongen og kvifor vert han kalla det?

  7. Kven var Frans I og kva gjorda han for Frankrike?

  8. Kvifor er Henrik IV ein viktig konge i fransk historie?

  9. Kva er Richelieu kjent for?

  10. Skriv kort om Frans I, Henrik IV, Richelieu og Ludvig XIV, og heng det opp på tidslinja.

  11. Lag spørsmål og svar til denne delen.

  12. Lag ei namneliste over alle personar nemnt i delane om Frankrike og Ludvig XIV..

  13. Finn alle årstal i denne delen, kva kort om kva som skjedde på desse årstala.

  14. Korleis var det med hygienen på 1500- og 1600-talet?

  15. Kven var Hugenottane?

  16. Kor gamal var Ludvig XIV når han vart konge?

  17. Kor mange gonger bada Ludvig XIV i sitt liv og kva skjedde då?

  18. Korleis var stoda i Frankrike då Ludvig XIV døyde?

  19. Trur du Ludvig XIV var ein populær konge blant folket? Grunngje svaret ditt.

Russland og Peter den store

  1. Kor tid levde Ivan den store?

  2. Kven var Ivan den store?

  3. Kor tid levde Ivan den grusamme?

  4. Kven var Ivan den grusamme?

  5. Kor tid levde Peter den Store?

  6. Kven var Peter den store?

  7. Kor tid vart Peter tsar?

  8. Kva heitte den nye hovudstaden i Moskva, som Peter I grunnla?

  9. Kven var den første tsar i Russland?

  10. Kva er St. Basil?

  11. Teikn St. Basil.

  12. Korleis gjorde Peter den store Russland til ei stormakt?

  13. Kvifor var det så viktig for Russland å ha tilgjenge til Austersjøen?

  14. Kva land måtte Russland krige med for å få tilgjenge til Austersjøen?

  15. Skriv litt om dei to Ivan og Peter og heng dei opp på tidslinja.

  16. Lag spørsmål og svar til denne delen.

  17. Kva land besøkte Peter den store på si reise i Europa?

  18. Finn Moskva, St. Petersburg og Austersjøen på kart.

  19. Lag ei namneliste over alle personar nemnt i delane om Russland og Peter den store..

  20. Finn alle årstal i denne delen, kva kort om kva som skjedde på desse årstala.

  21. Kva gjorde at Peter den store ville at alle russiske menn skulle klippe skjegget?

  22. Kva slags konge var Ivan den grusamme rekna for å vere?

  23. Kor lenge herska Romanov slekta i Russland?

  24. Kva slags land var Russland før Peter den store prøvde å endre det?

  25. Kor gamal var Peter den store då han gifta seg?

Hekser og hekseforfølging

  1. Lag ei fin framside om hekser og hekseforfølging.

  2. Kva er hekser for noko ?

  3. Kva er hekseforfølging?

  4. Kva er Bloksberg?

  5. Kva transportmiddel hadde hekser og kva hadde trollmenn?

  6. Kor mange personar omtrent vart brent på bålet som hekser?

  7. Teikn ei heks.

  8. Lag ei heksedrakt.

  9. Lag ein heksehatt.

  10. Lag ein heksedrikk.

  11. Lag eit måleri av ei heks på bålet.

  12. Kvifor tok hekseforfølgingane slutt?

  13. Kva var vassprøva, teikn og forklar.

  14. Kvifor vart så mange kvinner skulda for å vere hekser?

  15. Lag spørsmål og svar til denne delen.

  16. Finn alle årstal i denne delen, kva kort om kva som skjedde på desse årstala.

  17. Kva tyder ordet heks?

  18. Kva er ein heksesabatt?

  19. Kvifor skulle hekser feire heksesabatt?

  20. Kva to måtar kunne ein brenne ei heks på, teikn og forklar.

  21. Kvifor vart nokre hekser torturert og andre ikkje?

  22. Kor tid skjedde hekseforfølginga i Europa?

  23. Kor var det flest hekseprosessar i Noreg?

Opplysningstida og viktige filosofar

  1. Lag ei fin framside om opplysningstida og filosofane som levde då.

  2. Kva er filosofi? 

  3. Skjedde det noko med korleis vi ser på oss sjølve som menneske i denne perioden og kva følgjer fekk det for samfunnsutviklinga? 

  4. Kva er opplysningstida?

  5. Kva viktige filosofar levde på denne tida og kva syn hadde dei på menneske? 

  6. Kven var Rousseau?

  7. Kven var Voltaire?

  8. Kva er dei viktigaste tankane til Voltaire?

  9. Kven var Hume?

  10. Kven var Locke?

  11. Kva tyder opplysning?

  12. Teikn ein filosof.

  13. Fortel kva nye tankar menneska var opptekne av i opplysningstida.

  14. Skriv kort om filosofane nemnt i denne delen og heng det opp på tidslinja.

  15. Lag spørsmål og svar til denne delen.

  16. Lag ei namneliste over alle personar nemnt i delane om opplysningstida og viktige filosofar.

  17. Finn alle årstal i denne delen, kva kort om kva som skjedde på desse årstala.

  18. Kva er rasjonalisme?

  19. Når tid var opplysningstida?

  20. Nemn nokre av opplysningstida sine viktigaste idear.

  21. Korleis døyde Descartes?

  22. Korleis beviste Descartes at han verkeleg eksisterte?

  23. Kva meinte Descartes om Gud?

  24. Kva slags liv levde Immanuel Kant?

  25. Kva er empirisme?

  26. Kva meinte John Locke om konfliktar?

  27. Kva slags ukrenkelege rettar meinte Locke at alle menneske hadde?

  28. Kva tankar hadde Locke om maktfordeling mellom konge og parlament?

  29. Kor og kor tid vart Locke fødd?

  30. Kva meinte Hume om å kaste steinar opp i kufta?

  31. Kva vil det seie å vere skeptikar?

  32. Kva land kom Hume frå?

  33. Kva skjedde med borna til Rousseau?

  34. Kva slags type var Rousseau?

  35. Kva slags demokrati meinte Rousseau var det beste?

 

Tilbake til toppen

Tilbake til historiesida

Tilbake til hovudsida

 

Denne sida er laga av Per Inge Nordstrand og er oppdatert pr.  03.05.2000