SAMFUNNSUTVIKLING I EUROPA 1400-1750
|
MUSIKK : Musikken før 1400-talet i Europa var mest kyrkjemusikk, og den bestod av korsong. I denne perioden utvikla det seg to typar musikk, ein for vanlege folk og ein for dei rike. Vanlege folk laga musikk på enkle instrument, som enkle fløyter, enkle strengeinstrument og enkle slaginstrument. For dei rike kom barokken med sin musikk og den første opera vart og komponert på denne tida. KUNST : I løpet av denne perioden oppdaga kunstnarane korleis dei kunne skape romverknad i bilete, og laga seg reglar for korleis ein kunne konstruere perspektiv. Perioden er prega av rennessansen med sine universalgeni, som var meistarar i måleri, arkitektur og bilethogging. I måleri vart det utover i perioden vanleg å måle ikkje-religiøse motiv. Måleria skulle vere så lik det dei avbilda som mogleg. I arkitektur fann ein ut korleis ein kunne byggje praktbygg med kuplar, som Peters-kyrkja i Roma. RELIGION : Perioden er svært turbulent med oppsplitting blant dei kristne, reformasjon og danninga av den lutherske retning innan kristendomen, inkvisisjon og hekseforfølging og utvandring av kristne minoritetar til andre kontinent. På slutten av perioden kom filosofane som sette menneske og fornufta i sentrum i staden for Gud. Perioden er og i starten prega av kamp med muslimane i landa rundt middelhavet. HISTORIE : Europa er på denne tida prega av inntrykk og varer brakt til Europa som ein følgje av koloniseringa av verda, og den påfølgjande slavehandel mellom desse koloniane. Spania, England, Frankrike, Tyskland og Russland var dei førande landa i perioden. Boktrykkjarkunsten vart oppfunnen av Gutenberg, og at kunnskap kunne spreiast til langt fleire enn før. På denne tida vart og kyrkja sitt verdsbilete med jorda i sentrum erstatta av det heliosentriske, der sola er i sentrum. Galileo Galilei med fleire oppdaga nye planetar og til og med måner rundt nokre av desse planetane. Filosofien var i rivande utvikling i heile perioden, og slutta med trua på det opplyste og resonnerande menneske.
Under dei fire delane musikk, kunst, religion og historie finst det linkar til individuelle oppgåver og idear til prosjektarbeidsoppgåver, desse kan løysast under arbeidet med emnet. Her finst ei grunngjeving for kvifor dette undervisningsopplegget har vorte laga og korleis det er tenkt brukt. Under enkeltdelane musikk, kunst, religion og historie finst ei beskriving av oppgåva for desse delane Kjeldelistene viser kor alt stoffet er funne, det finst ei kjeldeliste under kvar av delane, musikk, kunst, religion og historie.
Denne sida er laga av Per Inge Nordstrand og er oppdatert pr. 15.05.2000 |