SAMFUNNSUTVIKLING I EUROPA 1400-1750

 

HISTORIE (1400-1750)

 

Europa er på denne tida prega av inntrykk og varer brakt til Europa som ein følgje av koloniseringa av andre deler av verda, og den påfølgjande slavehandel mellom desse koloniane. Spania, England, Frankrike og Russland var dei førande landa i perioden. Boktrykkjarkunsten vart oppfunnen av Gutenberg, og det gjorde at kunnskap kunne spreiast til langt fleire enn før. På denne tida vart og kyrkja sitt verdsbilete med jorda i sentrum erstatta av det heliosentriske, der sola er i sentrum. Galileo Galilei med fleire oppdaga nye planetar og til og med måner rundt nokre av desse planetane. Filosofien var i rivande utvikling i heile perioden, og slutta med trua på det opplyste og resonnerande menneske.

Perioden frå 1400 til 1600 vert kalla Renessansen, og då vart interessa for litteratur, kunst og vitskap frå antikken fødd på nytt. I denne perioden vart kyrkja si makt over menneska redusert og einskildmenneske kom meir i sentrum, før hadde fellesskapet vore det som var det viktigaste. På starten av denne perioden hadde kyrkja svært stor makt over menneska sitt liv og virke. Kyrkja og myndigheitene forfølgde dei som var annleis og stod utafor, det fekk groteske utslag som hekseforfølginga og brenninga av kjettarar.

Perioden frå rundt 1650 til omlag 1750 vert kalla Opplysningstida. Det vart då viktig å setje spørsmålsteikn ved kva som var rett og gale i samfunnet. Det enkelte menneske kom ennå meir i sentrum.  Perioden slutta med ei stor tru på at kvar enkelt kunne spele ei viktig og avgjerande rolle, berre dei fekk utdanning og spelerom av stat og samfunn.

 

Historiedelen har blitt delt inn i desse ulike emna for å kunne svare på spørsmåla om kva som skjedde i Europa frå 1400 til 1750 og kva verknad det hadde på samfunnsutviklinga i Europa. 

Her kan du lese meir om Europa på Internett.

 

Individuelle oppgåver i historiedelen

Prosjektoppgåver

Om oppgåva

Kjeldeliste

 

Tilbake til toppen

Tilbake til hovudsida

 

Denne sida er laga av Per Inge Nordstrand og er oppdatert pr. 03.05.2000