|
Den europeiske
hekseforfølginga Den Europeiske hekseforfølginga Forfølginga av hekser skjedde frå slutten av 1500-talet og på heile 1600-talet. I enkelte land, for eksempel Polen og Ungarn, fortsette trolldomsprosessane til midten av 1700-talet. Prosessen var på sitt mest intense frå 1580 til 1630. Hekseprosessar er ikkje eit fenomen som berre skjedde før reformasjonen, slik det gjerne vert hevda. Det religiøse skisma på midten av 1500-talet med påfølgjande konfesjonalisering er ein viktig bakgrunn for omfanget av hekseforfølgingane. Hekseprosessane var verst i Tyskland (halvparten av dødsdommane), Skottland, Flandern, "Mellom-Europa", Polen og deler av Norden (i forhold til folketalet). Mindre utbreidd i Italia, Spania, Russland og Frankrike. Hekseprosessane er altså mindre knytt til Inkvisisjonen i de katolske land. Inkvisisjonen var meir opptatt av kjetteri enn trollkvinner. Det vart tatt ut formell rettsleg klagemål mot litt i overkant av 100.000 personar. Av desse fikk rundt 40.000 dødsdom. Ein kan lese mange plasser at fleire hundretusen, ja ennå millionar menneske måtte lide på bålet. Dette er grovt overdrive. Nesten 80% av dei som vart stemna for retten var kvinner. I enkelte land og regionar, for eksempel Island, Finland, Normandie og blant samane på Nordkalotten var det like mange eller fleire menn blant heksene. Kvifor var det så mange kvinner som vart råka ? Eit av dei vesentlegaste kjenneteikn ved heksejakta er altså det faktum at dei fleste heksene var kvinner. Kvifor kunne kvinneforakt ta denne uttrykksforma i akkurat denne perioden av Europas historie? Kvifor vart heksekunst relatert til kvinner i denne perioden? Den
apokalyptiske historieoppfatninga førte til
ei demonsering av det kvinnelege. Kvinnene var vonde og svake, samt
intellektuelt mindreverdige. Dei var dermed eit lett bytte for djevelen.
Folk trudde at verden skulle gå under. Det var ein aukande frykt for
demonar, dødsangst var stor og likså frykt for Antikrist. Kvinna vart
brukt som syndebukk. Martin Luther og John Calvin meinte at kvinner var svake, ofte umoralske, godtruande og underkasta sin seksuelle pasjon. Djevelen går til åtak på menneskeheita der den er svakast, nemleg gjennom kvinnekjønnet. Calvin og Luther var sterkt opptatt av den heilage familien, hushaldet og ekteskapet. Einslege kvinner (enker og ugifte) ville lett søke tilfredsstilling hos demonar. Einslege kvinner sin seksualitet var farleg, den vart fordømt som hor og djevelen sitt verk. Ei kvinne som ikkje vil føde barn, var ei kvinne i Satan sin vold, hevda ein dansk teolog på midten av 1500-tallet. Kvifor vart det slutt på hekseprosessane Å finne grunner til at hekseprosessane tok slutt har vore ein stor utfordring for historikarar. Mange finn moment til svara i opplysningstida sitt idégrunnlag. Demonverda forsvinn gradvis som omgrep både i samfunnet og naturen. Apokalyptiske visjonar vert erstatta av sivilisasjonsoptimisme. Det vart ei holdningsendring blant kyrkja sine folk og hos offentlege myndigheiter utover på 1700-tallet. Folk haldt likevel fram med å klage kvar andre for bruk av hekseri. I visse tilfelle skjer det lynsjing av såkalla trollkvinner. Hekseri vart et middel til å utestenge og fordømme sårbare kvinner i bondesamfunnet. Den offisielle kulturen, den borgarlege humanismen, som veks fram utover 1700-tallet, stemplar i stadig sterkare grad folkelege trolldomsførestillingar som overtru og som noko irrasjonelt. Sivilisasjonsprosessen tok med andre ord nye formar. Kvinner og andre uskikkelege individ skulle verte disiplinert og kultivert gjennom opplysning og ikkje gjennom "eld og bål."
Her kan du lese meir om hekser og kjettarar.
Her kan du lese meir om hekseprosesser på Internett: Hekser og hekseprosesserOm hekser, hekseprosesser og tortur av hekser under inkvisisjonstiden. Heksejakt i arkivene Om historiske kilder for studiet av norske hekseprosesser med eksempler fra 1600-tallets Finnmark. hekser Her kan du lese om Kirsten frå Kiberg som vart brent på bålet i Vardø i 1634.
Denne sida er laga av Per Inge Nordstrand og er oppdatert pr. 14.02.2001 |