|
Overnaturlege krefter
I
følgje folketrua, er ei heks ei kvinne som stod i forbinding
med djevelen og ved trolldom
kunne skade folk og dyr. Heks
er eit ord som truleg heng saman med ord som tyder skog og hekk. I gamle
dagar likte ikkje folk hekser, fordi at dei kunne lage medisinar, og nokon
hadde overnaturlege krefter. Når nokon lurte på om nokon var ei heks, så
tok dei vassprøva på ho. Vassprøva gjekk ut på å kaste nokon i elva
eller i sjøen. Då batt dei armane fast til beina og heiv heksa på
vatnet. Dersom ho sokk var ho ikkje heks, men då drukna ho som regel.
Dersom ho flaut var ho heks og vart brent på bålet. Det fanst og
mannlege hekser, dei vart kalla Trollmenn. Folk trudde at ei kvinne var ei heks når ho kunne
masse om urter, og masse om forskjellige medisinar. Folk kunne då seie at
ho var ei heks, og ho kunne då bli brent.
Heksene vart ofte sett på som kvinner med overnaturlege krefter. Dei var kvinner som var i stand til å utføre handlingar som ikkje var naturlege. Folk såg på heksene som djevelen sine tenarar og trudde derfor at dei kunne påføre folk og fe forskjellige sjukdomar og kunne gjere dei ufruktbare, i tillegg kunne dei øydeleggje avlingar. Ein hadde to forskjellige måtar å brenne dei på, pelemetoden og stigemetoden. Den minst humane var pelemetoden. Denne metoden vart mykje brukt i Tyskland, men så vidt ein veit er den ikkje blitt brukt i Norden. Brenning ved pel gjekk til slik, heksa vart bunden til ein pel som vart hamra ned i bakken. Så hengde ein krutposar på ryggen og brystet for at publikum skulle få noko meir ut av avrettinga, etter det bygde ein opp bålet rundt pelen. Det skulle mykje ved til for gjere ende på eit menneske. Dette var eit langvarig skodespel for publikum, men ein forferdeleg død for heksa. Folk på denne tida tok heksebåla som ein avveksling i dagens gjeremål. Etter brenninga vart den svarte avsvidde pelen ståande som skrekk og åtvaring for folk som sverja seg til djevelen. Ved brenning på stige vart heksa surra til ein stige. Og når bålet brann på sitt beste og blussa best vart stigen med heksa kasta på bålet. Ein går ut ifrå at i den sterke varmen og smerta gjorde at heksa svima av ganske raskt og døde etter ei lita stund. Straff i tillegg til brenning på bålet Dersom heksa var av ein veldig vondarta karakter, vart tilleggsstraff brukt under turen til avrettingsplassen. Pisking og sviding med glødande tenger er døme på tilleggsstraff. På avrettingsplassen kunne heksa også få avhogd eit bein rett før avrettinga, men berre dersom ho var riktig vondarta. Tortur vart og nytta under rettssaker mot heksene, men ikkje før ein var heilt sikre på at personen var ei heks. Tortur vart helst nytta for å få tak i namna på andre hekser.
Heksene rei gjennom lufta. Ut frå folk som meinte å kjenne til dei kunne dei ri på kva som helst, men det er som oftast sopelimar det vert snakka om. Det norske framkomstmiddelet til heksa er som regel eit levande vesen. Ulven har mogeleg vore framkomstmiddelet for trollfolk. Den norske heksemyten liknar ein god del på myten om den norrøne trollkvinna Bergen. I Europa vart det sagt at dei smurde inn sopelimane dei rei på med ein salve som dei fekk av djevelen, etter at dei hadde slutta pakt med han. Dei brukte og som regel ein rimeform til ferda som var ganske enkel. Dei snakka til sopelimen med desse orda, ”opp, ut og fram, opp ut og fram og til Blokksberg” og så gjekk det i susande fart til Blokksberg.
Her kan du lese om kvifor
folk vart forfølg som hekser Her kan du lese meir om hekser og kjettarar.
Her kan du lese meir om hekser på internett: Heksemyten om jordmødreneMyten forteller at jordmødrene på 1500- og 1600-tallet var ofre for en omfattende heksejakt. Her kan du lese om Kirsten frå Kiberg som vart brent på bålet i Vardø i 1634.
Denne sida er laga av Per Inge Nordstrand og er oppdatert pr. 14.02.2001 |