|
Boktrykkjarkunsten
sin tekniske føresetnad
Boktrykkjarkunsten kjem frå Kina, liksom oppfinninga av papiret. Det var ein av dei nødvendige føresetnader for at det oppstod boktrykkeri. Å skrive enkelte bøker på pergament, kunne ein nok gjere, men det var økonomisk umogleg å framstille og å selje heile opplag som var trykt på dette kostbare materialet. Framstillinga av papir i Europa starta i Italia og sør i Frankrike på 1200-talet og breidde seg litt etter litt til andre land. Frå slutten av 1300-talet brukte bokstavskrivarane dette materialet saman med pergament.
Lause typar hadde den fordel at når ein hadde trykt opp så mange eksemplar av ei bestemt bok som ein ynskte, kunne ein plukke typane frå kvarandre og bruka dei til trykking av andre bøker. I Europa blei kunsten å trykke med lause typar oppfunnen uavhengig av kinesiske boktrykkjarkunst, men først på midten av 1400-talet . Takka vere denne lettvinte og billege arbeidsprosess tok denne bokproduksjon snart luven frå alle andre slags boktrykk i den grad at den kom til å danne ei epoke i verdshistoria. I løpet av dei hundreår som er gått sidan oppfinninga av boktrykkjarkunsten, har det vokse opp ein enorm litteratur om den. Når ein så endelaus diskusjon om boktrykking har vorte nødvendig, skyldast det at ein manglar samtidige aktstykke om denne oppfinninga, og at dei få vitnesbyrd som er bevart, saknar den ynskjelege presisjon når det gjeld detaljerte opplysningar. Til dette kjem vanskane med å tidfeste og lokalisere dei eldste boktrykk, fordi nesten alle er utgjevne utan å gje opp trykkjeår, trykkjestad eller boktrykkjaren sitt namn. Men ikkje nok med det, sjåvinisme og lokalpatriotisme har i høg grad og spilt inn og ført til at ein i mangel av bevis har fabrikkert falske aktstykke. Fira nasjonar og eit tjuetal byar, deriblant Mainz, Strasbourg, Utrecht, Oxford og Avignon, samt fleire i Nord-Italia, har gjort krav på den ære å vere boktrykkjarkunsten si vogge. Minst like mange er namna på dei menn som er utpeikt som kunsten sin oppfinnar. Spørsmålet om sjølve oppfinninga av »den nesten guddommelege kunst» er uendeleg meir komplisert enn man vanlegvis trur. Det er med boktrykkjarkunsten som med nesten alle andre store oppfinningar, fordjupar man seg grundig i deira historie, viser det seg at dei ikkje består av ein stor oppfinning, som har sprunge ut av eit geni si hjerne som eit lyn, men av ein heil rekkje mindre oppfinningar, som kvar og ein skyldast mange krevjande forsøk og først til saman har resultert i ein stor kulturell omvelting.
Tilbake til sida om boktrykking
Denne sida er laga av Per Inge Nordstrand og er oppdatert pr. 03.05.2000 |