|
JOHANN GUTENBERG
Gutenberg tilhøyrde ei slekt av gullsmedar, som også sysla
med gravering av segl og mynter, og sin første utdanning latar
han til å ha fått i dette yrket. Visse rettslege
dokument gjer at ein trur at han tok sitt første skritt på
oppfinnarbana i Strasbourg, etter at striden mellom dei gamle
fornemme patrisiarslektene og dei demokratiske
handverkslaug i Mainz
hadde tvinga hans familie til å forlate byen til forfedrane. I 1430-åra arbeida han som gullsmed i
Saltzbourg, kor han sannsynlegvis kom på ideen å trykkje med lause typar.
Han gjorde og dei første
eksperimenta sine her. I omlag 1445 trur ein at han
vendte tilbake til Mainz, der han held fram med sine eksperiment.
Omtrent frå denne tida stammar ei spådomsbok, som er det eldste
trykket ein tillegg Gutenberg. Av andre
trykk av Gutenberg vert rekna ei lita latinsk lærebok av Aelius
Donatus, og ein kalender frå 1448.
Den eldste skrivne tradisjon om oppfinninga av boktrykkjarkunsten daterer seg til åra kort etter midten av 1400-talet. I følgje den er Johann Gutenberg i Mainz oppfinninga sin far og altså ein av manneætta si største velgjerarar. Gutenberg er ikkje boktrykkjarkunsten sin oppfinnar i den forstand at han var den første europear som fekk ideen til å trykke med lause bokstavtypar av metall, for denne ideen synest å ha oppstått noko tidlegare og ført til eksperiment i Holland, Avignon, og kanskje også andre stader. Men viss ein ikkje reknar ein oppfinning frå ideen sin start og det reint eksperimentelle stadium, men frå og med verkeleggjeringa i praksis, altså frå det endelege resultat, fell æra til Gutenberg, Det var derfor samtida til Gutenberg rekna han for boktrykkjarkunsten sin far. Det er jo ikkje den som først set opp problemet, men den som løyser det, som fortener namnet oppfinnar. Ein
må ikkje berre beundre mannen som oppfinnar, men også hans uthald, i
mange år eksperimenterte han med forskjellige metallegeringar,
forskjellige støypemetodar og forskjellige samansetningar av
trykksverte før han nådde fram til det endelege resultat, altså
rette, haldbare typar som tålte påkjenninga frå trykkpressa og gav
eit reint og tydeleg avtrykk. Dersom ein nektar for at det var Gutenberg
som fant opp boktrykkjarkunsten, må ein også nekte for at Watt fant opp
dampmaskina. Det er det da også mange som gjer, fordi Watt berre
gjorde ferdig den dampmaskina som Newcomen hadde konstruert. Ein
må merke seg at han gjorde dette så grundig at det blei ein nesten
heilt ny maskin. På liknande måte er det med Gutenberg sin innsats i
boktrykkjarkunsten. «Den typografi som fanst før han, var berre det
grunnlaget Gutenberg bygde på,» seier Daniel Berkeley Updike, ein
amerikansk spesialist på dette område. Her
kan de lese meir om Gutenberg på Internett om de vil:
Denne sida er laga av Per Inge Nordstrand og er oppdatert pr. 03.05.2000 |