BOKTRYKKJARKUNSTEN


Boktrykkjarkunsten
Skrive- og trykkjekunsten



Boktrykkjarkunsten

I Renessansen kom det mange nye idear, blant anna boktrykkjar- kunsten. Før boktrykkinga hadde munkane skreve bøker for hand på det finaste skinnet dei kunne få tak i. Det kunne ta fleire år å skrive ei bok for hand. Før Gutenberg laga sine enkeltbokstavar i bly skar ein ut heile boksider på treplater. Dersom ein skulle lage ei bok på 300 sider måtte ein lage 300 treplater. det tok derfor lang tid å trykke bøker på denne måten. Det vart laga få bøker, og dei var sjølvsagt dyre. Då Johann Gutenberg fann på å lage ein og ein bokstav, og så setje dei saman til ord og setningar, kunne ein bruke bokstavane om att og om att. Desse bokstavane kunne ein bruke til å trykke mange forskjellige bøker. Han prøvde først å lage bokstavane i tre, men fann fort ut at han måtte lage dei i eit meir solid materiale. Han starta då å lage bokstavar som var ei blanding av bly og tinn. Han laga former som han støypte bokstavane i, og når dei var ferdige sette han dei saman i ei ramme som var like stor som sida i boka han skulle trykke. 

Blytypar

I 1456 blei den første boka trykt ved å bruke denne metoden. Det var eit vakkert eksemplar av Bibelen. Han brukte 40 000 lause bokstavtypar for å lage bibelen, og den vart trykt i 150 eksemplar.  Blybokstavar vart brukt heilt fram til 1980-talet. Det var kinesarane som fant opp det å bruke blybokstavar, men kinesarane brukte dei til teikn og ikkje til bokstavar. No vart det mykje billegare å kjøpe bøker og då vart ikkje berre dei rikaste som hadde råd til bøker. Dette førte etter kvart til ei enorm spreiing av kunnskap og at mange fleire lærte seg å lese og skrive. 

Ein gong omkring 1440 framstilte gullsmeden Johann Gutenberg ein form til avstøyping av typar til bruk ved boktrykking. Den sparsame kopisten sitt handarbeid blei mekanisert, og ein industri med moderne trekk oppstod, boktrykkinga. Allereie omkring 1450 klarte ein  arbeider ved å bruke den moderne teknikken 300 boksider per dag. I år 1500 framstilte ein meir  enn tusen sider om dagen, og i 1750 kunne to til tre arbeidarar produsere 250 sider i timen.  

Den nye kunsten spreidde seg lavinaktig over Europa. I 1480 hadde meir enn hundre byar eigne trykkjerier, i 1500 var talet oppe i 236. Fram til 1500 var det blitt utgjevne mellom 15 og 20 millionar bøker, i 3500 opplag. Fram til 1600 var talet på titlar komen opp i hundretusenar og talet på bøker opp i mot 200 millionar.  Boka hadde vorte ein bruksvare.


Skrive og trykkjekunsten

”Av alt det gode kan me vere glade for at me har lett tilgang til bøker” skreiv ein engelsk pressemann. Me kan takka Johann Gutenberg  for at me har så lett tilgang til bøker. Før dei kunne laga bøker med blybokstavar var det berre dei rike som kunne få tak i bøker.

Boktrykkjarkunsten ville ikkje ha fått gjennomslag om ein ikkje hadde klart å lage klutepapir. Papir er ei kinesisk oppfinning, men dei brukte papir lagd av silkerestar. På 1300-tallet vart det utvikla ein metode for å lage billegare papir av vove tøystykke. Det måtte ein stor samling av tyrestar til for å kunne lage papir. Då boktrykkjarkunsten utvikla seg vart mangelen på råvarer til papir eit stort problem. Dette toppa seg på 1800-talet. Det finst historier om korleis ein brukte tyrestar frå egyptiske mumiar for å lage papir av. 

Allereie før boktrykkarkunsten vart oppfunnen, var det fleire og fleire som hadde avskriving som yrke. Det viste at det var stigande interesse for bøker. Eit godt eksempel er ein oppdikta, men svært populær reisebok frå 1356. Den er tilskriven John Mandeville og er bevart, det finst minst 250 avskrifter på tysk, hollandsk, fransk, engelsk og latin. Alle er skreve i løpet av hundre år etter at boka vart forfatta. 

Boktrykkarkunsten kom som ein naturleg fortsetjing av denne verksemda. Boktrykk, det vil seie trykk av heile sider utskjert i tre, hadde lenge vore i bruk i Kina, til dømes når ein skulle framstille papirpengar. Kinesarane eksperimenterte også med lause typar, men det viste seg å vere mindre formålstenleg. Det skulle store settekassar til for å holda styr på alle dei 5000 kinesiske skriftteikna.


Settekasse

Blokktrykk var også kjend i Europa. Kanskje var spelkort dei første døme på at Europearane brukte denne teknikken. Men det avgjerande gjennombrotet kom omkring 1456 då Gutenberg fant fram til ei legering og ein støypeteknikk som førte til ein teknikk som egna seg godt for den europeiske skrifta. Ein reknar med at det kom ut mellom 140 000 og 200 000 trykk i Europa før år 1500. I dei trykte bøkene vart det nedlagt ein mengde kunnskap, som var meir omfattande og lettare tilgjengeleg enn den ein før kjende til. Mengda med registrert kunnskap vaks og vaks i fleire hundreår. I våre dagar har den nådd eit slikt omfang at storleiken åleine truger med å gjere den utilgjengeleg igjen. Men det er ei anna historie. Den kunnskap generasjonane av store oppdagarar frå Columbus og Vasco de Gama til Magellan skaffa seg fekk dei frå bøker.

Forteljingane om reisene blei dessutan hurtig spreidd igjennom trykte bøker, og det freista til nye reiser. Då oppdaginga braut ned det tronge rommet, kunne den lesande europearen reise med, ved hjelp av det trykte ord.

Her kan du lese meir om boktrykkjarkunsten sin tekniske føresetnad.

 

Her kan de lese meir om boktrykking på engelsk: 
History of Printing- Gutenberg
Medieval and Renaissance Book Production - Printed Books

 

Tilbake til toppen

Tilbake til Historiesida

Tilbake til hovudsida

 

Denne sida er laga av Per Inge Nordstrand og er oppdatert pr. 03.05.2000