SAMFUNNSUTVIKLING I EUROPA 1400-1750
KORLEIS DESSE SIDENE ER OPPBYGD OG TENKT BRUKT
|
Dette opplegget er laga med basis i historiedelen i læreplanen for sjuande klasse. Der står det at elevane skal arbeide med samfunnsutviklinga i Europa frå slutten av mellomalderen til rundt år 1750. Religion, kunsthistorie og utvikling av musikken i perioden er også tatt med for å famne om så store delar av samfunnsutviklinga som mogleg. Dette opplegget byggjer derfor desse faga: samfunnsfag, kristendomskunnskap med religions- og livssynorientering, musikk og kunst og handverk. Opplegget er laga slik at elevane skal kunne lære om og svare på spørsmål som er viktige for denne perioden og lære om og svare på spørsmål om samspelet mellom religion, musikk, kunst og historie og samfunnsutviklinga på denne tida. Opplegget kan brukast som ein lesedel, der elevane bruker sidene til å lese om perioden, i staden for å bruke lærebøker. Dersom nokon av elevane finn nokre av emna spennande kan dei blant anna fordjupe seg ved å følgje linkane til meir omfattande informasjon på Internett. Opplegget kan brukast som for ei vanleg lærebok der stoffet vert lest og det vert svart på oppgåver anten individuelt, eller oppgåver vert løyst saman to og to eller i grupper. Det har derfor vorte laga mange spørsmål til delane. Opplegget kan brukast som ei innføring, eller som ei kjelde til stoff i gjennomføring av prosjektarbeid. Det har derfor også vorte laga forslag til prosjektoppgåver. Under dei ulike emna er det lenkjer til meir stoff om emna på Internett, slik at det ikkje er nødvendig med noko anna opplegg eller andre kjelder for å kunne løyse prosjektoppgåvene på ein god måte.
Denne sida er laga av Per Inge Nordstrand og er oppdatert pr. 03.05.2000 |