Ludvig XIV - Solkongen (1638-1715)
Heile hoffet haldt til i Versailles, som er eit enormt slott. Romma er enorme og det er høgt under taket. Det var derfor ei svær oppgåve å varme det opp, for svær. Når det var kaldt ute klarte dei ikkje å varme opp romma godt nok og då fraus alle dei høge herrar. I slottet levde kongen og hoffet i overveldande luksus, men det hindra ikkje at alle hadde skabb og lus. Fleire gonger i veka vart det halde festar, konsertar og ballettar. Hos rike folk i heile Europa prøvde dei å etterlikna livsstilen til Ludvig og hoffet hans. Franske klesmotar, fransk kunst og fransk litteratur vart etterlikna. Hygienen var det så som så med sjølv
om alle gjekk i kostbare klede og pudra seg titt og ofte. Hygienen var
faktisk dårlegare på denne tida enn i middelalderen. Dei delane av
kroppen som vart dekt av klede var det få som reingjorde. Menneska på
1500- og 1600-talet var mistenksame overfor vatn. Dei trudde at vatnet
inneheldt smittestoff, og at det derfor var uegna å reingjere seg med. I
staden for å vaske seg tørka dei seg med tørre klutar. Pudder og
parfyme vart brukt for å gje kroppen ei reinare lukt. Dei hadde til
dømes posar under armane, og i desse posane la dei urter som lukta godt
og friskt for å overdøyve sveittelukta. Det er sagt om Ludvig XIV at han
bada berre to gonger i heile sitt liv, og at han vart sjuk begge gongane.
Då Ludvig døyde i 1715 var Frankrike utmatta av alle dei krigane som han hadde ført . Sidan 1667 hadde Frankrike nesten konstant vore i krig. Alle festane og det kostbare hoffet gjorde saman med krigane at det franske folk var utmagra og fattige då kongen døyde. Folk var så arge at dei kasta stein etter kista hans.
Her kan du lese meir om Solkongen på Internett: Louis XIV
Denne sida er laga av Per Inge Nordstrand og er oppdatert pr. 03.05.2000 |