Frankrike (1400-1750)
På starten av 1400-talet hadde Frankrike og England kjempa om landområda i Frankrike i nesten 100 år. Henrik V frå England innleia ein offensiv mot Frankrike i 1415 og hadde stor militær framgang. I 1420 kontrollerte England det meste av landområda i Frankrike. Frå 1421 gjekk det betre for franskmennene og i 1453 var i røynda engelskmennene drevet ut av Frankrike.
Frans I let seg i dei ulike regionar av landet representere av ein guvernør, vanlegvis den største adelige jordeiger i provinsen. Alt avhengte av guvernøren sin takt og lojalitet og hans evne til å samle støtte hos de lokale maktgrupperingar. Desse hadde sin innverknad gjennom dei lokale parlamenter, og andre forsamlingar som representerte stendene, byane og landsbyane. Desse forsamlingane skyldte ikkje kongen si makt, men kongen søkte å nytte dei som administrative og rådgjevande organ og prøvde å styre gjennom dei ved hjelp av forhandlingar og manipulasjonar. Det var han også nøydt til. For desse forsamlingane var ikkje til å komme forbi. Dette samarbeid mellom kongen og dei lokale forsamlingane styrka dei lokale forsamlingane. Dei behaldt sin rett til å nedlegge veto mot kongelige lovforslag som gjaldt lokale forhold og krav om ekstra skattar, og til å vedta lover og å regulere lokale forhold. Dei kunne regulere lønningar og matvareprisar, lærlingar sine forhold og fattighjelpa, fengsel og hospital. I løpet av 1400-talet overtok dei reguleringa av universiteta og anna høgare utdanning. Og viktigast av alt: Dei sensurerte bøker. På 1700-talet kjempa parlamenta etter beste evne mot publisering av opplysningstida sine tankar, ved å forby utgiving av verker skrevet av Voltaire, Rousseau og Diderot. Denne oppdelinga av Frankrike i provinsar med stort sjølvstende gjorde ei utvikling mot eit parlament som kunne representere hele landet, som i England, vanskelig. Den einaste sentrale institusjon til kongemakta var hoffet. Det var derfor det viktigaste bindeledd mellom det sentrale og det lokale nivå i styret av Frankrike. Det var det kongelige hushald og samtidig regjeringa sitt sentrum. Det var også staden der kongelig makt og storleik kom til syne, og staden der kongelige privilegium og kongelig gunst helst kunne utdeles, og derfor også et sted for intriger og maktkamp og kamp om kongen sin gunst. Ei sterk protestantisk gruppering som
vert kalla hugenottane søkte å oppnå stor grad av indre sjølvstyre, og
på siste del av 1500-talet var det borgarkrig
i Frankrike. Borgarkrigen vedvarte under Frans II (1559-60), Karl IX (1560-74) og Henrik III (1574-89).
Landet gjekk i stor grad i oppløysning.
Henrik gjekk inn for å sette statsapparatet i orden og å reparere den øydelagde økonomien til staten og landet. Han klarte det langt på veg. Henrik var ein meister i praktisk politikk. Blant høgadelen fans Henrik IV farligaste fiendar, og Henrik greidde å splitte dei frå deira tilhengarar i provinsane ved stort sett fredelige midlar. Henrik vart på tross av dette myrda i 1610. Da Henrik IV ble drepen var hans arving, Ludvig XIII (1610-43), endå eit barn, og formyndarstyre som vart oppretta hadde ofte problem sidan det ikkje hadde den autoritet som eit styre av kongen hadde. Richelieu ble etter kvart Ludvig XIII sin
Richelieu gjennomførte store reformer i forvaltninga. Han ville gjenopprette monarkiet sin autoritet etter dei utfordringar det hadde vore utsett for, og han gjorde det med tildels brutale og utspekulerte midlar. Richelieu vert ofte rekna som den som grunnla eineveldet i Frankrike. Richelieu hevda kongedømmet sitt monopol på å utøve lovlig vold og på å halde stridskrefter. I 1628 gjorde Richelieu ende på hugenottane sine militære styrkar. Han prøvde å innføre et felles system for mål og vekt. Etter Richelieu sin død (1642) kom eit siste forsøk frå adelen si side på å overta styringa i sine område, men dei klarte det ikkje. På 1600-talet var Frankrike blitt det mest folkerike og velståande land i Europa. Den franske kongen Ludvig XIV samla all makt hos seg. Han ønskte å utvide landet sine grenser og førte derfor mange krigar. I hans tid blomstra næringslivet og Frankrike fekk den sterkaste hæren i heile Europa. Alle krigane og det kostbare hofflivet til kongen gjorde til slutt at landet vart fattig. På slutten av regjeringstida til solkongen vart det svært stor skilnad på fattig og rik. Dei fattige såg korleis adelen sløste med pengar, mens dei sleit med å skaffe seg mat for å overleve. Sidan 1667 hadde Frankrike nesten utan avbrot vore i krig. Først mot Nederland, som Frankrike ville erobre sidan Nederland var Europas økonomiske sentrum og kontrollerte store deler av fransk økonomi. Seinare kom Frankrike til å bli påført den spanske arvefølgjekrigen. Arvingen til Frankrikes krone var også arving til Spania, og dersom Frankrike og Spania vart slått saman ville dei til saman vere sterke nok til å dominere Europa, sidan Frankrike allereie var den fremste militærmakt i Europa. Dette motsette dei andre europeiske maktene seg med militære midlar. Det vart ingen samanslåing av Spania og Frankrike. Her kan du lese meir om Ludvig
XIV. Her kan du lese meir om Frankrike si historie på Internett: FRANKRIKE
SI HISTORIE
Denne sida er laga av Per Inge Nordstrand og er oppdatert pr. 03.05.2000 |