England
(1400-1750)
Henrik 5. var konge i England frå 1413. Han
innleia ein offensiv mot Frankrike
i 1415, krigen mot Frankrike hadde vart i nærare hundre år. Henrik
hadde stor militær framgang og kontrollerte det meste av Frankrike i
1420. Henrik 6. vart konge i 1421, og i hans tid snudde krigslykka mot
Frankrike seg. I 1453 var i røynda engelskmennene drevet ut av
Frankrike. Frå midten av 1400-talet var England prega av Rosekrigane,
dei varte frå 1455 til 1485. I 1485 møtes Rikard 3. og Henrik 7. i slaget ved Bosworth.
Henrik vinn og Rikard døyr. Med dette tok Rosekrigane mellom slektene
York og Lancaster slutt. Desse krigane førte til at høgadelen i
England vart sterkt redusert i tal. Omkring år 1500 var England ein liten og
uvesentleg stat i Europa. England er omgitt av hav og det var skipsfarta
og handelen som gjorde at England vart ei stormakt.
| Henrik
7. vert etterfølgd av Henrik 8. som konge i 1509. I 1534 bryter Henrik 8. med paven i Rom. Parlamentet i
England gjer han til kyrkja sitt overhovud på denne jord, med direkte
myndigheit frå Gud. I Henrik si regjeringstid kjem Wales og Irland
under engelsk styre. Kongen var velutdanna og gåverik, men vart kjend
som ein brutal herskar. Henrik gifter seg seks gonger i løpet av 36
år. Alt dette for å få ein mannleg etterfølgjer. To av konene som
ikkje kunne gje han ein son vart avretta, slik at han kunne gifte seg
på ny.
|

Henrik VIII
|
| Elisabeth
1. tek til slutt over etter Henrik 8. i 1558. Elizabeth
avgjorde at England skulle vere protestantisk og ikkje katolsk, men
katolikkane vart ikkje forfølgd mens ho styrte
England. Ho døydde i
1603, og den nye kongen i England vart og konge over Skottland.
Skottland har sidan 1603 vore eitt rike saman med England. Åra
under Elisabeth sitt styre vert ei enorm oppgangstid for England,
spesielt etter at den spanske
armada vart knust. Tida har vorte rekna som England sin
kulturelle gullalder. |

Elizabeth I
|
| Det var under hennar styre fred og derfor stor
framgang i jordbruk, småindustri og gruvedrift. Dette la grunnlaget
for velstand innafor handel, handverk og skipsfart. England vart ei
av dei mektigaste sjømaktene i verda. Spania og Portugal
hadde einerett på handel med koloniane i det indiske hav og
Amerika. Engelskmennene løyste denne floka ved å verte piratar og
smuglarar. Dei rana spanske skip på havet og byane langs kysten i
koloniane. Dei starta og med den lukrative slavehandelen, slavar vart
frakta frå Afrika til plantasjar
i Karibien og der seld med god forteneste.
Slaveskipa røva spanske skip fullasta med gull og sølv på veg
attende til Afrika, om dei kom over nokon. Dette kunne dei gjere
fordi dei engelske skipa var mykje lettare å manøvrere enn dei
spanske gallionar. Utover
på 1600-talet vart det mykje ufred i England. Det var heile tida kamp om
makta mellom kongen og parlamentet. CHARLES I, var konge frå 1625 til
1649. Kongen overgav seg i 1646 til skottane, som seinare vart han utleverte
til det
engelske parlamentet. Parlamentet skulda kongen for høgforræderi og
han vart avretta i januar 1649 ved halshogging. Charles var ein
tyrannisk og eineveldig konge fram til 1640. Då tok parlamentet
meir av makta og avsette og avretta fleire av kongen sine næraste
rådgjevarar.
|
| Frå 1642 til 1645 var det
borgarkrig,
der parlamentet leia av Oliver Cromwell ( fødd i 1599) kjempa mot kong
Charles av
England. Cromwell vann i 1645, og i 1649 avretta han Charles 1. England vart ein
kalvinistisk
republikk under styring av
Cromwell. Parlamentet og hæren klarte ikkje å samarbeide, derfor
oppløyste han parlamentet. Hæren utnemnde Cromwell til "Lord
Protector". Han styrte deretter England som diktator. Under Cromwell
vart England mektigare som europeisk maktfaktor. Landet vart styrka som
sjøfartsnasjon og kolonimakt blant anna på grunn av sigerrike krigar mot
Spania og Nederland. Innanriks vart han ikkje så populær, og då han
døydde i 1658 vart monarkiet gjeninnført i landet. Cromwell sitt namn er
ennå hata i Irland, på grunn av herjingar og brutale massakrer der
i perioden 1649 - 1652. |

Oliver Cromwell
|
Den engelske rettserklæring (Declaration
of rights)
vart vedteken i desember 1689. Forholdet mellom konge og parlament var nå
reelt kontraktfesta, og ein kan seie at England er eit konstitusjonelt
monarki. Rettserklæringa, også kalla England si grunnlov avgrensar
kongen si makt til fordel for parlament og den enkelte borgar. Nokre av
reglane er som følgjande:
 |
Kongen
har plikt til å innkalle parlamentet. |
 |
Kongen
kan ikkje oppheve lover vedtekne av parlamentet. |
 |
Berre
parlamentet har tildelande myndigheit. |
 |
Kongen
kan ikkje opprette ein permanent, ståande hær utan parlamentet sitt
samtykke. |
 |
Ingen
vilkårleg fengsling utan lov og dom skal skje. |
 |
Ein
viss religionsfridom vert innført - ulike konfesjonar vert tolerert,
men ikkje godkjent på lik linje med protestantismen.
|
Indre
stridigheitar og konfliktar tek med dette slutt og England står fram som
kapitalismen sitt lokomotiv i Europa. Landet vert eit mønster til etterfølging
for andre land i Europa. Utover på 1700-talet startar den industrielle
revolusjon i England. I perioden 1400-1750 vart parlamentet sterkare og
sterkare i England, med det resultat at kongen si makt vart
redusert. Systemet slik som det er i dag vart etablert, der parlamentet er
delt i to kammer. Øvre kammer med adelen og nedre kammer med vanlege
folk, som vert velde inn. England vart forandra til eit moderne,
konstitusjonelt monarki.
Her kan du lese meir om Elizabeth
I.
Her kan du lese meir om England på Internett:
Utviklinga i England på 15- og 1600-tallet
Oliver Cromwell -- An Outline for Term Papers
Reformation- Protestant England
The Glorious
Revolution of 1688
The London
Gazette.
Online-utgave av avisa som kom ut mellom 1665-1692.
Tilbake
til toppen
Tilbake
til historiesida
Tilbake
til hovudsida
Denne
sida er laga av Per Inge Nordstrand og er oppdatert pr. 03.05.2000
|