Startsida | Turisme | Hotel Union|

 

Hotel Union

Hotel Retiro

Hotel Fønix

Skyssing

Særmerkte
turistar

 

Hotel Union

Hotel Union Øye vart ferdig bygt til opning i juni 1891. Hotellet vart rekna for å ha høg standard til den tid å vere, og kunne stette krava til kresne aristokratar og fjellklatrarar frå inn og utland. Likevel fekk det ,til liks med mange av dåtidas turistprosjekt, ein trang fødsel. Eigentleg ville aksjeselskapet som stod bak berre bygge eit hotell, nemleg Union i Geiranger. Men direktør Adolf Scheldrup satsa stort og sette opp hotellet på Øye med identisk namn i same slengen. Allereie før bygget stod ferdig , gjekk selskapet konkurs. Stasen, som var prefabrikert i Trondheim og frakta med båt til Norangsfjorden, vart ikkje ståande tomt lenge.

Hotell Union sommaren 1892


(Foto. K.Knudsen. Universitetsbiblioteket i Bergen)

Same året kjøpte ein norsk konsul i Spania hotellet og sette systra og mannen hennar, Peter Stub, til å stå for den daglege drifta. Sjølv etter at hotellet kom på andre hender, var Konsul Tonning ein fast gjest, ofte med store selskap av spanske vener i fylgje.

Etter 18 år i USA kom Martin Laurits Dahl attende til Noreg i 1912. Han hadde hotellerfaring frå USA og Tyskland. På vegen heim overnatta han og frua på Union og møtte på eigaren Konsul Tonning. Han var ute etter folk til å kjøpe hotellet og Dahl slo til. Hotellet vart no ei familiebedrift som gjekk i generasjonar til hotellet vart selt ut av Dahl-familien til frikyrkja i Ørsta i 1981. Dei selde det vidare til Ole Henrik Eidsvik i 1989. Han sette igong eit omfattande restaureringsarbeid ilag med Per Ola Ratvik. Eidsvik gjekk konkurs, og hotellet er i dag eit aksjeselskap med fire partar.

Den første bygningsmessige endringa i hotellet si hundreårige historie, kom etter nokre gode år før 1930. Då vart taket på hovuddelen lyfta og romma i det som idag er 3. høgda, kom til. Nokre år seinar, kring 1935, bygde ein også fløya som idag utgjer salongen og deler av matsalen. Dette var med på å endre noko av den opprinnelege sveitserstilen på bygget. Likevel framstår det idag som det mest originale sveitserstil-hotellet i Noreg.

Det ligg mykje historie i veggane til dette bygget. Mange notabilitetar har vitja dette hotellet og spora etter dei finn vi att den dag idag i form av bilete, signaturar, namn på rom o.l.

Svenskekongen Oscar 2. gjesta hotellet i 1896. Keisar Wilhelm II var her fleire gonger. I 1906, då Kong Haakon VII var på si kroningferd, ankra han opp i Norangsfjorden og var hotellet sin gjest saman med Dronning Maud og Kronprins Olav. Dronning Wilhelmina av Nederland vitja også ofte hotellet.Av andre kjende som var her kan ein nemne Karen Blixen og Bjørstjerne Bjørnson.

Mange av dei europeiske fjellklatrar-pionerane fann også vegen hit; t.d. W.C.Slingsby, E.C.Oppenheim, Anders Randes Heen, og ikkje minst C.W.Patchell som var fast gjest på hotellet kvart år i 50 år.

 

Stein gjennom taket:

Sjølv om hotellet ikkje står på ein vanlegvis rasfarleg stad, har det også fått kjenne trykken av Slogen nedover seg. I 1940 kom tyske bombefly ned Norangsdalen for å bombe ein norsk tankbåt "Beaufort" som låg på fjorden. Ei bombe traff høgt oppe i fjellsida og løyste ut nokre steinar. Ein av steinane kom susande gjennom lufta, knuste taket og la seg til ro på eit halvknust golv i tredje høgda. Der har han ligge sidan, og ligg der den dag i dag.

I dag:

Hotellet står idag som i sine glansdagar etter ei omfattande rehabilitering utover 1990-åra. Målet har vore å gjenskape atmossfæren av ro og harmoni som herska i tidlegare tider. Interiøret er halde i ein stil frå rundt århundreskiftet. Ingen av gjesteromma er like, bortsett frå komfortable himmelsenger og moderne bad/wc.

 

Oppgåver | Kart | Register | Lenker | Kjelder

SEMESTEROPPGÅVE AV ODDNY FLUGEKVAM: IT-STUDENT HØGSKULEN I VOLDA 2000/2001 E-POST