![]() |
|||||
| Startsida | Turisme | Turistar |C.W.Patchell| | |||||
|
C.W.Patchell
|
C.W.Patchell
C.W.Patchell var fødd i Skottland og var av yrke lærar. Han hadde ein privat skule som heitte Patchells-skule. Han var ikkje rik eller reid på høge arvelege titlar, men skuleinntekta gav han høve til å reise i Noreg i sommarferien som for han var lang. Fjellklatring var hans store interesse. Det var til fjellområda austpå han kom først. Ein dag vart han spurd om han hadde sett vestlandstindane. Dette vakte interessa, og han kom først til Kvitegga. Dette var truleg i 1891. I 1892 kom han til Øye, som då hadde fått Hotel Union. Her var det verkeleg natur for Patchell, og ilag med kjende norske og utanlandske klatrarar var han med å skape eit fjellklatrarmiljø her heilt fram til 1939. Bygde Patchellhytta: Han for om morgonen med ryggsekk, tau og fjellhakke og stega traust i veg med jarnbeslegne skor. Ei lita øks hekk i beltet, for han rydda rås og bygde stigar over gjerda og bruer over Brekkeelva og Tverråa. Han skilta opp stigane,så det var lett å finne rett veg. På hotellet var han som ein guide som fann høvelege turar for kvar etter kondisjon og interesse.Han fekk også bygt ei hytte vest i Habbostaddalen ved foten av Slogen, Patchellhytta.Dette var ei lita steinbu. Han var ein ordknapp kar og snakka ikkje mange orda norsk. Han var heller ikkje så open om seg og sitt. Han var ungkar all sin dag. Ein dag spurde Buda-Johanne: "Kor skal det ha seg Patchell at du ikkje gifte deg?" "Min bror har vært gift to ganger, det er mer enn nok" ,svara Patchell. Var ein del av bygdafolket: Han fylgde godt med i folkelivet og det var naturen og folkelivet som
drog han hit. Favorittane var fjella Slogen, Smørskredtind og Brekketind.
Det var i dette området han fekk bygd den vesle Patchellhytta.
Skogssteinen kalla han Lilleslogen, og han søkte statsråd om løyve til å verte gravlagd ved den. Det fekk han avslag på. 17.mai: Etter at han var pensjonert, kom han til den 17. mai. Dette var dagen hans, for han vart behandla som æresgjest. Han hadde gjeve eit fond til bygda der rentene kvart år skulle brukast til premie til borna for idrettsprestasjonar på kaia den 17. mai. Men alle fekk premie, frå fødsel til konfirmasjon, og den skikken har bygda den dag i dag. Alle borna spring om kapp, og etter tevlinga er det utdeling av Patchell-premie til alle. På denne måten er Patchell levande i bygda enno.I nærmare 50 år arrangerte også idrettslaget årleg Patchell-stafetten. Karamellepose: Eit anna varemerke til Patchell var karamellposen han bar med seg. Mang ei karamelle vart delt ut til borna i bygda. Patchell hadde same rommet på Union i alle åra han var her i bygda.Det var arka nærast vegen som vender mot sjøen. Han hadde også sitt faste bord i spisesalen. Dette var ikkje brukt av andre. Nokre dagar før 17. mai kom han til Øye, og då var
det alltid mange som kom til kaia og venta på rutebåten skulle
kome. Han fekk alltid ein varm velkomst av bygdefolket, noko han sette
tydeleg pris på. C.W. Patchell var ein god PR-mann for Øye
og Sunnmøre. Han drog mykje fjellfolk til Øye i turisttida.
Patchellfondet:I 1939 starta 2.verdskrigen, og i september dette året for Patchell herifrå for siste gong. I 1943 døydde Patchell, men også på det siste var tankane på Øye. Han testamenterte det som var att etter seg til Ungdomslaget Slogen. Desse midlane vart sette av til eit fond, Patchellfondet, der pengane skulle brukast til gagnlege førmål i bygda. Dette fondet eksisterer den dag i dag. I 1948 reiste Ungdomslaget Slogen og Ålesund og Sunnmøre Turistforening ein bautastein til minne om Patchell. Denne steinen står ved vegen der stigen til Slogen byrjar frå Øye. Link til Patchellhytta |
||||
SEMESTEROPPGÅVE AV ODDNY FLUGEKVAM: IT-STUDENT HØGSKULEN I VOLDA 2000/2001 E-POST |
|||||