![]() |
|||
| Startsida | Turisme | Turistar | Oscar 2 | | |||
|
Oscar 2.
|
Kong Oscar II
Sommaren 1896 hadde Vestlandet vitjing av unionskongen Oscar II . Det var ei tid med strid både om flagget, unionen og med sterk fridomstrong mellom folket. Kampen om det reine, norske flagget utan unionsmerke, var samlingsmerket for fridomsmennene. I desse stridsåra var det altså at Kong Oscar II tok ut på vitjing til Vestlandsfjordar og bl.a. Norangsfjorden. Ordføraren ville ikkje møte kongen: I Hjørundfjord kommunestyre diskuterte dei om dei skulle yte noko til festleg mottaking, men det vart droppa. Ordføraren var venstremann og var imot unionen, så det var varaordføraren som laut representere kommunen. Han var også venstremann, men meir moderat, så han nekta ikkje jobben. Elles var lensmannen og presten på plass. Ein var nervøs for at det skulle oppstå demonstrasjon mot unionsflagget, så noko av det viktigaste var å hindre at det vart reist opprørsflagg. Og det synte seg at mottakskomiteen hadde all grunn til å engste seg for det. Demonstrasjon mot kongen: To av ungdommane i bygda heiste eit reint norsk flagg på taket på eit av nausta. Straks var den strenge lensmannen på pletten og firde flagget, heiv det inn i naustet, og truga karane med mulkt i fall dei trassa seg fram. Men då kongeskipet kom så nær at lensmannen laut ha interessa si til ein annan kant, kom flagget til topps att, og med vakt ikring. Andre hadde plakatar med "Leve Kongen" og "Velkomen". Då kongen steig frå barkassa og opp trappa attmed kaia, var det så stille som i grava, ingen torde å lee på seg. Men så var det ein kar som hadde med seg ein smågut, og han gløymde seg reint av og sa til småen: " Ser du kongjin, Lars". Folk torde ikkje le høgt, det fekk nøye seg med dulde smil. Kongen var rak og flott i den kongelege uniforma, og mykje folk stod på begge sider av vegen opp mot hotellet. Kongen helsa på ein og annan. Nær hotellet stod ein flokk unge kvinner frå Ålesund med hendene fulle av blomar. Kongen las deira tankar og sa: "Når berget inte vil komme til Muhammed måste Muhammed gå til berget" Dermed var isen broten, og kongen og adjutanten greidde mest ikkje å ta imot alt saman. Men kva med det reine norske flagget på naust-taket? Det veit ingen å fortelje noko om. I fall kongen såg det, var han klok nok til å late som han ikkje vart var det, og det var sikkert det rettaste han kunne gjere. |
||
SEMESTEROPPGÅVE AV ODDNY FLUGEKVAM: IT-STUDENT HØGSKULEN I VOLDA 2000/2001 E-POST |
|||