![]() |
|||
| Startsida | Turisme | Turistar |Konsul Endresen| | |||
|
Konsul
|
Konsul Endresen
Konsul Endresen med familie er mellom dei som har gjesta bygda Norangdal og Hotel Union flest gonger.Thoralf Endresen (1874-1935) åtte firmaet "Burns&Lindeman" som dreiv kol- og kokseksport i Glasgow, der han også var norsk konsul. I ferietida var han oftast å treffe i Norangsdalen. Endresen høyrde liksom med i bygdebiletet, han kjende alle, og var interessert i det som hende i bygda. Jonsokkvelden: Jonsokkvelden var hans sin dag i bygda. Då vart ungdom mobiliserte til bålsanking. Dette var ikkje vanleg her i bygda før Endresen kom. Ungdom og ungar leita både i fjøre og fjell etter alt som kunne brennast, og av og til plukka dei med seg somt som ikkje skulle vore kasta også. Eit år dreiv det iland mykje tang og tare etter ein storm. Ein av bøndene hadde samla det ihop og skulle ha det utover åkeren til gjødsel, men det vart ikkje. To av ungdommane kom til at denne dungen måtte i bålet og konsulen var einige. Dei såg ut som grisar etterpå då jobben var gjort. Konsulen vart litt i stuss over kva foreldra ville seie når dei kom heim att, og gav dei 10 kr så dei fekk gå inn på "buda" å kjøpe seg kvar si dongery-bukse. Dei kosta kr. 3,50 for stykke. Og bålet, det brann ei heil veke, vert det sagt. Gav til bygda: Konsulen forsynte også folket i bygda med aviser. Etter å ha lese avisene sine i Oslo, så bunta han dei saman og sende dei til Øye i store buntar. Jau, desse avisene dei gjekk på omgang i Øye-garden, og enda opp til slutt ut på Stennes. Endresen kjøpte og ein grammofon som han gav sætrejentene, og dette var sjølvsagt stor stas. Det var stadig musikk å høyre frå Urasætra, og det var ofte dans på Urdabakken til grammofonen. Han var elles ein ivrig fiskar, og var ofte på sjøen. Ungdomshuset "Konsul Endresens Minne" Konsul Endresen døydde i juli 1935. Det synte seg då at han hadde testamentert 4000 kroner til bygda som han ynskte skulle brukast til bygging av ungdomshus. Huset vart bygt i 1936 og fekk namnet "Konsul Endresens Minne", og det heiter huset den dag i dag. Huset har vore til gagn og glede for bygdefolket i alle år seinare. |
||
SEMESTEROPPGÅVE AV ODDNY FLUGEKVAM: IT-STUDENT HØGSKULEN I VOLDA 2000/2001 E-POST |
|||