|
Oscar 2.
Keisar Wilhelm
Dronning
Wilhelmina
Kong Haakon
Kong Harald
Dronning Sonja
C.W.Patchell
Konsul
Endresen
J.G.Olsen
|
|
Keisar Wilhelm

Keisar Wilhelm II, konge av Preussen var ein stor norgesven.
Han var på sitt første besøk her i landet i 1889 og
var med nokre unntak i Noreg kvar sommar i 25 år fram til utbrotet
av første verdskrigen i 1914. Han var alltid ombord i den keisarlege
jakt "Hohenzolleren". Den første Hohenzolleren blei avløyst
av ein ny i 1893. Den nye båten var imponerande, 117 meter lang,
med ein stab på 8 offiserar og eit mannskap på 295. Alle romma
hadde elektrisk lys.
(Kjelde:Kaiserliche Zeiten)
Elska å pynte seg:
Han elska å pynte seg, og hadde fleire sett admiraluniformer.
Han hadde eit handicap som plaga ein del. Venstre handa var mindre enn
den høgre og fungerte ikkje skikkeleg.
Keisar Wilhelm II var ein spesiell person som det ikkje
var så lett å verte klok på. Ettermælet hans er
nok kanskje betre i Noreg enn i heimlandet. Han var ein stor Norgesven,
og hjelpa han gav Ålesund etter brannen i 1904, har ikkje minst
gjort at ein på desse kantar ser på Wilhelm II med velvilje.
Det seiest at han etter bybrannen i Ålesund tok med seg ei heil
båtlast husville folk inn til Hotel
Union på Øye. Her fekk dei bu på keisaren
si rekning. Vi veit at keisaren vitja Norangsfjorden i 1890 , 1899, 1902
og 1904 med hjuldamparen "Hohenzolleren"
"Hohenzolleren " til keisaren
(Kjelde: Mit dem kaiser als Staatsmann und Freund(I) )
|