Startsida | Turisme | Turistar |Kong Harald|

 

Oscar 2.

Keisar Wilhelm

Dronning
Wilhelmina

Kong Haakon

Kong Harald
Dronning Sonja

C.W.Patchell

Konsul Endresen

J.G.Olsen

 

 

Tur til Slogen

I 1980 og 1988 var kronprinsesse Sonja på fjelltur i Sunnmørsalpane. I denne samanheng gjesta ho bygda etter ein fjelltur på Slogen. Kronprinsessa lovprisa naturen her, og uttrykte det slik:" Jeg misunner dere som har denne naturen, men kanskje blir dere immune?"

Silver Cruise

Hausten 1993 feira Kong Harald og Dronning Sonja sølvbryllaup. I den samanheng vart dei europeiske kongehusa inviterte med på ei rundreise i Noreg. Bl.a. kom dei til Øye og Norangdal. I fylgjet var Dronning Margrethe frå Danmark, Dronning Beatrix frå Belgia, Kong Juan Carlos frå Spania, Kong Carl Gustav og Dronning Silvia frå Sverige og i tillegg ei rekkje med prinsar og prinsesser, bl.a. Prins Edward frå Storbritannia.

Følgjet kom i buss frå Hellesylt gjennom Norangsdalen og stoppa ved Hotel Union.Utanfor hotellet var det samla mykje folk, og glade og fornøgde gjester fekk seg forfriskningar inne på hotellet. Åmdal Trekkspelklubb sytte for god musikk til mottakinga.

Følgjet gjekk vidare til fots til kaia på Øye og vart frakta ut til Kongeskipet som låg lenger ute og venta.

 

 

 

Oppgåver | Kart | Register | Lenker | Kjelder

SEMESTEROPPGÅVE AV ODDNY FLUGEKVAM: IT-STUDENT HØGSKULEN I VOLDA 2000/2001 E-POST