Startsida | Turisme | Turistar |Kong Haakon|

 

Oscar 2.

Keisar Wilhelm

Dronning
Wilhelmina

Kong Haakon

Kong Harald Dronning Sonja

C.W.Patchell

Konsul Endresen

J.G.Olsen

 

 

Kong Haakon7.
og Dronning Maud

Kong Haakon kom til Øye i 1906 etter kroningsferda til Trondheim. Både Dronning Maud og kronprins Olav var med. Dei tok seg då ein tur opp gjennom dalen. Kongen valde å køyre karjol og Lars I Øye køyrde han. Andreas Nordang køyrde dronninga i trille (ei stor firhjula vogn med plass til fire personar. Denne turen heldt på å ende gale:

Det gjekk nesten ille

Det var tidleg på våren, og vegen gjennom Norangsdalen var sperra på Lysholen. På breen her var det samla mange Sunnylvingar som hadde gått dalen for å sjå kongefamilien. Dei rekna med at fylgjet ville kome heilt inn til breen. Men fylgjet snudde på Lysholbrua, så Sunnylvingane vart lurte denne gongen. Det var dårleg ver den dagen, og i det ein var i ferd med å snu, vart ein paraply som tilhøyrde Sunnylvingane teken av vinden og kom drivande. Hesten som var spend føre vogna til dronninga vart skremd, og han tok til å gå attover. Dette førde til at vogna med dronninga i svinga utfor vegen, og her var ein kant på 3-4 meter. Men i siste liten hekta akslingen seg fast i ein stabbestein, og det heile enda godt.

 

Oppgåver | Kart | Register | Lenker | Kjelder

SEMESTEROPPGÅVE AV ODDNY FLUGEKVAM: IT-STUDENT HØGSKULEN I VOLDA 2000/2001 E-POST