![]() |
|||||
| Startsida | Turisme | Skyssing | | |||||
|
Skyssing |
Skyssinga av turistar
|
||||
![]() |
Turen gjennom Norangsdalen frå Øye til Hellesylt var svært etterspurd slik at dei til sine tider trong omlag 100 hestar. Det var helst slik at skyssretten var knytt til garden. Som eit eksempel kunne ein bonde i 1926 tene 225,75 kr for ein sesong. Det var i eit tidsrom over 3 månader. Til samanlikning var ei årsløn for ein tenestekar i jordbruket på 579 kr i åra 1927/28.
I trettiåra var turistferdsla på Øye på topp. Det var no komne bilar til. Skysslaget hadde 20 bilar, 8 på Øye og 12 i Sunnylven.
![]() |
Vanleg ilandstigingstid frå turistskipa var 7.30 eller 8.00 om morgonen. Då skulle alle vere oppstilte. Kvelden før var det å vaske kjerra og smørje godt. Hesten vart skodd på alle fire, og høysekk istappa. Havreposen vart påfylt i kornbingen. Frå Hellesylt kom dei kvelden før, dei som hadde nokon stad å take inn, og det var ofte mange.
Det var organisert slik at bilane først for med ei pulje til Hellesylt. Så vart hestekjerrene fylte og tok laust, unggutane med beste hestane stilte seg øvst ved hotellet. Tyskarane var eit hissig folk, dei sprang ofte til fremste vognene.
Pause på Fivelstadhaugen
![]() |
På Fivelstadhaugen var det rast for hestane, og havreposen kom fram. Turistane tok forfriskningar på Hotel Norangdal. Bilane fekk då køyre utatt til Øye og tok ei ny pulje og kom til Hellesylt med den etter at hestane der hadde avlevert. Dette var noko for tryggleiken si skuld også, for i bilane si første tid var mange hestar bilredde.
Mange av turistane gjekk sjølve på føtene mellom Øye og Hellesylt, og desse trong lang tid, og var særleg hissige etter å kome iland. Ein hadde laga ei flytebryggje ved kaia som ilandsetjingsbåtane la til, men endå båtføraren kommanderte "langsam absteigen", så storma dei ofte så mange iland at bryggja tok sjø over seg og mange bløytte seg på føtene før dei kom iland.
Etter krigen i 1945 kom hesteskyssen ikkje tilbake.