Startsida | Turisme | Hotel Retiro |

 

Hotel Union

Hotel Retiro

Hotel Fønix

Skyssing

Særmerkte
turistar

 

Hotel Retiro


(Foto:K.Knudsen. Univeristetsbiblioteket i Bergen)

Hotel Retiro vart oppført i 1890 av bergensaren Johan H. Paasche. Hotellet vart bygt på Norangs-sida av elva, på ei høgde (Storholen) med god utsikt over bygda og fjorden. Men konkurransen var hard med både Hotel Fønix og Hotel Union som kom i 1891.

Turistferdsla var ikkje så stor at alle tre hotella berre kunne forsyne seg og fylle husa. Retiro låg også i ei bakevje reint kommunikasjonsmessig. Dei som stod for skyssinga kravde to kroner ekstra for å frakte turistane til Retiro.

Hotell Retiro med Slogen i bakgrunnen


 

 

 

 

 


Foto:K.Knudsen.)

Det vart sagt at bakken ned frå Holen var så bratt at gjestene tykte det var utriveleg å vere der. Mange av gjestene som var vande med flatt lende,- og det var nok dei fleste-, ørde i hovudet når dei kom fram på nova og såg ned, har det vorte fortalt.

Reklamekampanje

For å få gjester til å kome til hotellet sette Paasche igong ein storstila reklamekampanje for hotellet. Langs vegane, på steinar og hus, var det måla reklameskilt for Retiro. Ikkje alle likte dette like godt, bl.a. inspektøren for Den Norske Turistforening W.Morgenstierne. Han skreiv etter ei ferd gjennom dalen i 1893.

" Retiro er malt på stene og husvegge og overhovedet på alle mulige og umulige steder i alle mulige og umulige farver, jeg tror ikke der er noget WC i hele Nordfjord, eller Søndmør der mangler sit Retiro. Jeg for min del er blevet så kvalm bare af at se navnet, at jeg vilde foretrekke at ligge på den bare bakke, fremfor at tage ind der. Jeg nevner dette for å vise hvordan overdreven reklame virker aldeles modsat av påtenkt. Hotellet er forøvrigt vist meget bra."

Sjølv om reklamekampanjen var stor, gjekk drifta dårleg og det enda med konkurs i 1894 berre tre år etter at det vart bygt. Hotellet vart selt og rive. Materialen vart teke vare på og sendt til Bergenstraktene for ny bruk. Kva det vart brukt til veit ein ikkje noko om.

 

 

Oppgåver | Kart | Register | Lenker | Kjelder

SEMESTEROPPGÅVE AV ODDNY FLUGEKVAM: IT-STUDENT HØGSKULEN I VOLDA 2000/2001 E-POST