Startsida | Turisme | Hotel Fønix|

 

Hotel Union

Hotel Retiro

Hotel Fønix

Skyssing

Særmerkte
turistar

 

Hotell Fønix

-DET FØRSTE HOTELLET PÅ ØYE

Det første Hotel Fønix på Øye vart bygt i 1883 av Ivar L. Tryggestad og Magnus Sæter. Det stod på pålar nær sjøen. Etter eit par år bles det over ende, og det var nok det dårlege understellet som var årsaka. Huset var spesielt og såg ut til å ha vore samanraska av nytt og gammalt slik det ofte var då.

I 1886 bygde dei nytt hotell lenger frå sjøen, tvers over vegen der Hotel Union ligg i dag. Dei bygde no nytt av tømmer i to fulle høgder og med god kjellar av dobbel gråsteinsmur. Taket var raude teglpanner, den einaste bygninga her som hadde slikt tak.

Fønix hadde ein standard langt over dei bondehusa som var bygde føre hundreårskiftet.

Hotel Union og Hotel Fønix


(Foto: K.Knudsen, Universitetsbiblioteket i Bergen)

Hotel Union vart bygt og stod ferdig i 1891 og la opp til stordrift, vart konkurransen for hard.I 1993 vart hotellet selt til eigarane av Union for 3000 kr. Etter dette vart det slutt med eiga drift på Fønix. Huset vart no brukt som avlastning for Hotel Union og til privat husvære for eigarane av Union.

I 1932 bygde Dahl, eigaren av Union eige elektrisitetsverk i Fønix-kjellaren drive med bensinmotor.

Slik heldt ein begge hotella med lys. Dette varde til 1942 då Fønix brann ned ilag med to andre hus i nærleiken. Brannen starta i Fønix. Sidan vart ikkje hotellet bygt oppatt.

 

 

Oppgåver | Kart | Register | Lenker | Kjelder

SEMESTEROPPGÅVE AV ODDNY FLUGEKVAM: IT-STUDENT HØGSKULEN I VOLDA 2000/2001 E-POST