Startsida | Turisme |

 

Hotel Union

Hotel Retiro

Hotel Fønix

Skyssing

Særmerkte
turistar

 

Turismen i Norangdal

Ein reknar at først i 1850-åra må ein og annan turisten ha kome til Norangdal. Truleg har desse kome gjennom Norangsdalen, då det ikkje fanst båtar i rutetrafikk på fjorden den tida. Frå 1860-åra auka ferdselen gjennom dalen. Bøndene hadde plikt på seg å skysse folk gjennom dalen, og ein av gardane på Øye vart også skyss-stasjon i 1894.

Fjella og naturen gjorde sitt til at turistane kom då som no. Ved århundreskiftet tok fjellklatringa til for alvor. Klatrarar frå andre land kom og vart med i kapplaupet mot tindane, mest var det engelske klatrarar.

Etter at hotella kom til auka turistferdsla monaleg. Her vart bygde 3 hotell i perioden 1883-1891. Hotel Fønix (1883), Hotel Retiro(1890) og Hotel Union(1891).

Dette er det einaste bilete ein veit om der ein kan sjå alle tre hotella samstundes:

(Foto: K.Knudsen. Universitetsbiblioteket i Bergen)

Før første verdskrig byrja det å kome turistskip inn fjorden som sette turistar på land. Desse skulle skyssast gjennom dalen med hest og kjerre. Slik fekk bøndene ekstra innkome med skyssing .

Første verdenskrig i 1914 stoppa turistferdsla ein periode. Men utgjennom 1920-30 åra tok turistferdsla seg godt opp att i Norangsdalen og den var på topp i 1930-åra og fram til krigen i 1940.

Mange turistbåtar sette folk på land, og Øye/Norangdal vart ein ynda plass for mange kongelege vitjingar og andre særmerkte turistarr.

Etter andre verdskrig tok ikkje turistferdsla seg oppatt slik den hadde vore før krigen. Idag ser vi byrjinga på ei ny oppbløming av turistferdsla, etter at Hotell Union har vorte restaurert og fått mykje merksemd i ulike medier.

 

Oppgåver | Kart | Register | Lenker | Kjelder

SEMESTEROPPGÅVE AV ODDNY FLUGEKVAM: IT-STUDENT HØGSKULEN I VOLDA 2000/2001 E-POST