![]() |
|||
| Startsida | Sætrane |Ura | | |||
|
Urasætra |
|
||
![]() |
Ura var ein triveleg sætrestøl i godver, men regnsomrar vart stølen og gamlevegen svært opptrakka, og mot slutten av sommaren stunda folk og fe heimatt.
Sætrelivet var ei avveksling for alle. Jentene ville ha desse sætrevekene. Der møttest ungdommen, helst om laurdagskveldane, og der var leikarplass på Urabakken. Det kom stundom ungdom frå andre bygder også. Spelet var vel oftast munnspel, og det var eit særhende då Konsul Endresen først i trettiåra spanderte ein grammofon på to av Øye-jentene.
Først i femtiåra vart det slutt på sætringa i Norangsdalen.