![]() |
||
| Startsida | Sætrane | Stavberg | | ||
|
Stavbergsætra |
StavbergsætraStavbergsætra ligg ved enden av Stavbergsvatnet.Stavbergsætra høyrer til Skylstadgardane.
Dei laga både smør og ost av mjølka på Stavbergsætra. Kring 1870-80 vart vegen så pass utbetra at det vart køyrande med hest og karjol. Med dette kom turistane og Stavbergsætra vart kjend og populær. Turistane fekk raste og kjøpe den beste sætermjølk i verda. Sætrejentene sette opp rømmekolle i ringjer og fat som turistane fekk kjøpe. Det var gåande og køyrande turistar som rasta på sætra og skapte eit triveleg miljø. Ein kan trygt slå fast at sætrane fekk mykje å seie for oppsvingen med turismen gjennom Norangsdalen frå denne tida. På Stavberg har det aldri stått fjøs, så kyrne måtte ligge ute. Sela var frå gammalt av stein og tetta med torv. Det var eit rom med eldstad. Gutehelg: Ein gong om sommaren bad sætrejentene til gutehelg. Det vanka både rømmegraut og rømmekolle. Først vart det oppdekka langbord, gjerne seldører. Det var sjeldan nok stolar så mange laut stå. Underhaldning var song, forteljing av stubbar og gjerne styrkeprøver. Etter at maten var fortært, barst det til Urbakksletta, der leikar og dansen gjekk livleg utover natta. Først i femtiåra vart det slutt på sætring i Norangsdalen. |
|
SEMESTEROPPGÅVE AV ODDNY FLUGEKVAM: IT-STUDENT HØGSKULEN I VOLDA 2000/2001 E-POST |
||