![]() |
|||
| Startsida | Ras | Storesvora | Gange-Rolv | | |||
|
Storesvora i Norangdal |
Gange-Rolv
I samband med raset som kom i 1908 og demde opp elva slik at Lygnstølvatnet vart laga, kom denne steinen og la seg med spisse-enden ned. Folk i dalen såg på denne steinen som ein høveleg bautastein over storhendet. Den om lag 12 m høge kolossen vart kalla oppatt etter Mørejarl-sonen Gange-Rolv. Medlemmer i ungdomslaget i bygda tok initiativ til å få hogge inn i steinen namnet og kva tid raset gjekk. Riksvåpenet skulle også målast ved sida av namn og dato, dette truleg fordi det berre var få år sidan unionsoppløysinga med Sverige. Du finn steinen på veg innover dalen på venstre side rett før ein kjem til Lygnstølvatnet. |
||
SEMESTEROPPGÅVE AV ODDNY FLUGEKVAM: IT-STUDENT HØGSKULEN I VOLDA 2000/2001 E-POST |
|||