![]() |
|||
| Startsida | Ras | Storesvora | | |||
|
Storesvora i |
Storesvora og Lygnstølen
Tidleg ein morgon, 26. mai 1908, gjekk den største steinsvora (ras) ein veit om i Hjørundfjorden. Det var ein fjellhammar frå toppen av den 1218 m høge Keipen som rasa ut inne i Norangdalen. Etter ei tid kom steinrøyken utetter dalen og folket skjøna at her hadde eit stort ras gått, og at dette var noko utanom det vanlege. Mange tok turen inn og ville sjå, og fekk eit syn så dei mest ikkje ville tru sine eigne auge. Frå foten av Keipen og nedover, tvers over den fine og grøderike dalbotnen låg det no ei ur av veldige dimensjonar.Ho var 200-300 meter brei, og somme stader over fleire mannshøgder. Raset demde opp elva og sakte men sikkert vart eit nytt vatn laga. Ein alvorleg støkk: Ein ungdom frå bygda som kom syklande frå Stryn om natta, fekk seg ein alvorleg støkk. Han hadde ikkje høyrt om raset, og då vatnet på Lygnstølen kom til syne, trudde han med det same at det var auga hans det brått hadde vorte noko gale med. Så store endringar i heimbygda etter nokre få dagars fråvær er det heldigvis svært få som opplever. Steinen Gange-Rolv kom også i dette raset. Ni sel på sætra Lygnstølen vart neddemde. Ingen menneske eller dyr omkom i raset. Alle sela, steingardar, vegar, beite- og slåtteland, kratt og høge tre vart lagt under vatn. Vi kan den dag idag sjå restar og tufter etter sela, steingardane, vegen og nokre av trea står der enno i djupet. Idag er dette ein ynda plass for sportsdukkarar og andre vegfarande turistar. Raset vart etterkvart ein stor attraksjon og gav auke i turismen i mellomkrigsåra. Lygnstølsætra før raset kom: |
||
SEMESTEROPPGÅVE AV ODDNY FLUGEKVAM: IT-STUDENT HØGSKULEN I VOLDA 2000/2001 E-POST |
|||