FULL POTT



Leiaren i Sosialistisk Venstreparti, Kristin Halvorsen, vil styrke politiet, og føreslår ei ekstraløyving på 100 millionar til dette føremålet. Ho grunngjev framlegget sitt med at Fremskrittspartiet treng konkurranse i jakta på veljarar som ønskjer meir lov og orden. Mange vil nok oppfatte denne kuvendinga frå det tidlegare politi-kritiske SV som eit uttrykk for politisk vingling og opportunisme.

Norges Kommunistiske Parti meiner at ein ikkje løyser problema med kriminalitet ved hjelp av meir politi. Det som trengst er kriminalitetsførebyggjande arbeid i vid forstand. Politiet kan likevel spele ei viktig rolle i arbeidet med å redusere kriminaliteten i det norske samfunnet. Men då må politiet inn i nærmiljøa og bli meir synleg og tilgjengeleg. Den vanlege mann og kvinne må ha krav på rask og effektiv hjelp når det trengst, til dømes ved vald, innbrot o.a. NKP går likevel imot SV sitt framlegg om ekstraløyvingar til politiet. I staden føreslår vi at det vert føreteke ei gigantisk omfordeling av ressursbruken innan politietaten.

Politiets Overvåkningstjeneste (POT) har i følgje Lund-kommisjonen sin rapport brukt enorme ressursar på å overvake lovlydige, men politisk aktive personar på den norske venstresida.

Denne verksemda har vore ytterst skadeleg for ofra (dei som vart overvaka) og for heile det norske samfunnet, noko det synest å vere nokså brei politisk semje om i det politiske miljøet her til lands. Dette har pågått i over 50 år, og det er lite som tyder på at denne tenesta er blitt nedbygd i den seinare tid.

NKP føreslår difor at tenestemennene i POT vert overførte til samfunnsgagnleg arbeid - som patruljerande gatepoliti i nærmiljøet. Ved å tømme POT-kontora vil ein kunne setje ein stoppar for den skammelege politiske overvakinga, folk flest vil få betre tilgang til praktiske og nyttige polititenester i tilknytning til kvardagskriminaliteten og overvakarane vil sleppe å måtte utføre ein jobb som både er meiningslaus, unyttig og moralsk mindreverdig. Dersom det framleis skulle finnast ledig kapasitet i POT, kan resten av staben omskolerast til å ta seg av økonomiske vinningsbrotsverk i næringslivet og kriminalitetsførebyggjande arbeid.

Ved å setje tenestemennene i POT i samfunnsgagnleg arbeid vil ein såleis oppnå ei rekke ulike gevinstar utan at det vil koste noko økonomisk, kanskje bortsett frå utgifter til nødvendig omskolering. Det må vel kunne seiast å vere FULL POT(T)!

Kjell Underlid

Sentralstyremedlem i Norges Kommunistiske Parti



TIL MERE MARXISTISK LITTERATUR. (KLIKK HER.)
(der i blant)INNFØRINGSKURS I MARXISME.


Klikk her for å få kontakt med Nordland N.K.P. For å vite noe mere om han som vedlike holder disse sidene. For å lese Det Kommunistiske Manifest. For å lese arbidspogramet til NKP. Til NKUs sider der finer du linker til andre organisasjoner og littratur.