TERRORISMEN I VÅR TID


Dei siste vekene har verdssamfunnet vore vitne til fleire stygge terrorhandlingar: Bombeeksplosjonar i Kenya og Tanzania og amerikanske gjengjeldingsaksjonar i Afghanistan og Sudan. I tillegg tok eksposjonen i Irland livet av mange.

Ein må sjølvsagt analysere og ta stilling til kvar enkelt av desse terroraksjonane. Men det er også viktig å klargjere og meisle ut eit meir prinsippielt syn på terrorisme.

Terrorismen har alltid blitt brukt av den herskande klasse og mindre grupper både til høgre og "venstre". Kommunistane har ei klar holdning mot terrorisme. Ei rørsle som byggjer på at arbeidarklassen si frigjering må vere klassen sitt eige verk, går inn for massekampen sin veg. NKP tek skarpt avstand frå og fordømmer valdeleg aksjonisme, isolert frå arbeidarklassen. I dag er terrorismen særleg farleg, ikkje minst på grunn av den teknologiske utviklinga. Eit terroranslag rammar uskuldige.

Terrorismen tener dei som motarbeider fred og avspenning. USA bruker sin såkalla anti-terroristkampanje til ideologisk, og i enkelte tilfelle militær krigføring. Når ein på NRK si tekst- teneste (22. august d.å.) kan lese at USA sin nye militærdoktrine opnar for bruk av atomvåpen mot terroristgrupper, kan nokon kvar bli skremt. Dette er statsterrorisme.

Det er nødvendig med internasjonal solidaritet mot terrorismen. Difor støttar Norges Kommunistiske Parti FN sine tilrådingar om internasjonalt samarbeid for å kjempe mot uvesenet. Dessutan meiner NKP at det det må skapast ei ny økonomisk verdsordning som er rettferdig, slik at ein kan fjerne dei sosiale årsakene til at smågrupper i desperasjon tyr til terror (sjølv om terror- anslag sjølvsagt også kan ha andre årsaker). Det er ikkje nok å berre kjempe mot terrorisme - ein må også føre kamp mot terrorismen sine meir grunnleggjande røter og årsaker.

I nesten alle kapitalistiske land vert denne kampen mot terrorismen brukt til å forsterke overvakinga av venstrekreftene, avgrense dei individuelle fridomane og innskrenke demokratiet. Terrorismen vert nytta som påskot til å skjerpe undertrykkinga i samfunnet og til å iverksetje aggressive aksjonar mot land i den tredje verda. Med slike tiltak avslører den herskande klassen at den ikkje først og fremst er oppteken av å nedkjempe terrorismen, men å avgrense demokratiet i vid forstand.

Kommunistane tek såleis avstand frå både terrorisme og misbruket av kampen mot terrorismen, og går for massekampen sin veg. Avvis terrorisme som kampmiddel!

Kjell Underlid Sentralstyremedlem i Norges Kommunistiske Parti (NKP)




TIL MERE MARXISTISK LITTERATUR. (KLIKK HER.)
(der i blant)INNFØRINGSKURS I MARXISME.


Klikk her for å få kontakt med Nordland N.K.P. For å vite noe mere om han som vedlike holder disse sidene. For å lese Det Kommunistiske Manifest. For å lese arbidspogramet til NKP. Til NKUs sider der finer du linker til andre organisasjoner og littratur.