HOVUDOFFERET FOR DEN POLITISKE OVERVAKINGA VERT IKKJE SPURT!


Lund-rapporten frå 1996 dokumenterer at dei hemmelege tenestene i heile etterkrigstida har drive med overvaking av lovleg politisk verksemd. Omfanget av denne verksemda, metodane som er blitt nytta og dei alvorlege verknadene for ofra førte til eit skarpt offentleg ordskifte og opne høyringar i Stortinget. Arbeidet med ei ny Innsynslov vart oppstarta. Utkastet til "Midlertidig lov om begrenset innsyn i overvåkningspolitiets arkiver og registre" er forlengst sendt ut til høyring, og fleire enkeltpersonar og organisasjonar har alt uttalt seg. I denne samanheng viser det seg at Norges Kommunistiske Parti (NKP) ikkje har fått tilsendt utkastet. Kommunistpartiet står såleis ikkje på lista over dei mange som skal uttale seg om lovutkastet. I alle fall har ikkje NKP mottatt nokon slik førespurnad. Dette er beint fram sensasjonelt. Ein veit nesten ikkje om ein skal le eller gråte, og undrast over årsakene. Er det eit uttrykk for ekstrem antikommunisme, for rein vankunne, administrativ inkompetanse eller noko anna? Lund-rapporten viser at NKP faktisk er hovudofferet for denne skitne verksemda - norske kommunistar har blitt overvaka i over 50 år! Tusenvis av gode nordmenn med eit kommunistisk grunnsyn, mange av dei motstandsmenn i kampen mot den tyske okkupasjonen under siste verdskrig, vart ramma. Den nye lova vil uansett mangle legitimitet når sjølve hovudofferet for den ulovlege politiske overvakinga ikkje ein gong vert bedt om å uttale seg!

Disse har vel fått ut tale seg om lova??

Han ser nazister og rasister som et ordens problem , men var arkitekten til for følgingen og trakkasering av kommunistene.

Biskoppen ga sin velsinglse til trakesering og forfølgese av de som vil skape et bedre og tryggere liv for mennskene her på jorden.

Bergen den 3.april

Kjell Underlid

- sentralstyremedlem i Norges Kommunistiske Parti (NKP) -


Klikk her for å få kontakt med Nordland N.K.P. For å vite noe mere om han som vedlike holder disse sidene. For å lese Det Kommunistiske Manifest. For å lese arbidspogramet til NKP. Til NKUs sider der finer du linker til andre organiasjoner og litratur.