***2933 REINLI***
|
|
Søndre Aurdal herred fekk sitt fyrste postopneri i 1856 da Søndre Aurdal postopneri vart oppretta. Samstundes vart det oppretta ei postrute mellem Søndre og Nordre Aurdal postopnerier. Nordre Aurdal var då eit postopneri undervegs i ruta mellem Kristiania og Bergen.
Då jernbanen til Hen vart opna i 1860, vart posten til Bergen sendt gjennom Begnadalen om sumaren, og Søndre Aurdal postopneri kunne utveksle post direkte med denne ruta.
Etter kvart som åra gjekk, og Postverket vart meir og meir utbygd, vart det oppretta postruter frå Søndre Aurdal (no Bagn) til bygdene omkring, og det vart jamvel opretta postopneri i dei største bygdene.
|
|
|
Såleis vart REINLI postopneri oppretta ved Kgl. res. av 19.12.1888 og 8.5.1889 med verknad frå 1.7.1889. Postkontoret fylde med dette 100 år i 1989.
Det var Hønefoss som var overordna postkontor ved opprettinga. Seinare har Kristiania (Oslo), Fagernes og no Gjøvik vore overordna postkontor.
Fyrste postopnar i Reinli var lærer og kyrkjesongar Kristoffer Hagene. Han budde i lærarbustaden ved Kyrkjebøen skule. Til kontor brukte han eit lite rom i nordvestlege hjørne av huset, men han hadde og en stor reol ståande ute i gangen. Når folk gjekk forbi kunne dei stikke innom og sjølve ta med posten. Elles sende Hagene post også med elevane når dei gjekk heim frå skulen.
Hagene hadde sjølv ei kontrakt om postomberinga til Reinli. Då postopneriet vart oppretta gjekk han to gonger i veka. Etter kvart vart ruta utvida til tre og fire goner i veka.
Hagene var som nemt både lærar og kyrkjesongar. I lang tid var han og skulestyreforamnn, varaordfører, bonde og hadde i tillegg ei mengd offentlege hverv elles. Han henta vel sjeldan posten sjølve på Bagn, men leigde truleg andre til det.
Kristoffer Hagene sa opp stillinga som postopnar frå 1.10.1913. Stillinga vart utlyst, og det kom inn tre søknader.
Det vart frøken Inger Hoff (f.1857) som fekk tilsetting som ny postopnar frå 1.10.1913. Inger Hoff var ugift og budde i nedre bygningen på Høve. Huset vart kalla "Bjødnebygningen" etter ein mann som heitte Bjørn Hoff. I Inger Hoffs tid som postopnar hadde ho postopneriet i dette huset.
Inger Hoff søkte avskild frå 15.8.1922, og stillinga vart utlyst igjen. Denne gongen kom det inn 8 søknader.
Gardbruker Thomas Bøen (f. 1883) vart tilsett fra 15.8.1922. Han flytta postopneriet til eit mindre tømra hus nær gardstunet på Bøen, som lå like ved kyrkja. Postboda ved Reinli, Både Knut O. Bakken og Mikkal E. Hasle protesterte mot flyttinga, og begge truga med å seie opp stillingane sine etter som de både fekk lengere rute, og som også "...var for bratt og tung", etter det dei sa. Huset som postopneriet holdt til i står enda.
|
|
|
Dattera til postopneren, Anne Lovise Bøen (f. 4.4.1909) utførte eindel postarbeid på farens vegne, og då Thomas Bøen slutta 23.9.1953 var ho fyrst konstituert som ny postopnar frå 1.7.1954, og frå 1.6.1955 fekk ho fast tilsetting. Ho vart gift med Arne Kløvrud. Anne og Arne Kløvrud bygde hus nær Hoffssvingen i sentrum av Reinli. Dei bygde huset slik at det vart plass til postkontor. Då Anne tok over stillinga etter far sin, vart kontoret flytta hit, og her er postkontoret også idag. Postverket fekk kontrakt for leige av lokala hos Arne Kløvrud frå 1.7.1968 |
|
|
Anne Kløvrud gjekk av for aldersgrensen den 1.5.1979. Den noværande poststyrer, Torhild Henriksen (f.1954) har styrt postkontoret frå 1.11.1979 med unntak av ein periode hun hadde permisjon i tida .. - 17.8.1984. Ved kunngjøring av vikariatet (Personalnytt no. 3/1982) var det ikkje nokon søkere, og vikariatet ble kunngjort på nytt (P.nytt no. 7/1982).
I forbindelse med planer om nedlegging av postkontoret, fikk Torhild Henriksen tilbud om å overta Aurdal postkontor, som var ledig. Dette gikk hun med på, og etter flere omganger hvor Velforening, kommunestyre, Postens sentralledelse m.v. var involvert, og hvor det ble protestert mot nedliggingen, ble Reinli postkontor lagt ned fra 1.10.1995?
|
Landpostbudrute:
|
Rute 208546 1752 Reinli - Liagrenda opprettet 1.7.1914
Håkon Bakken ansatt 1.3.1947, sluttet 1.7.1986. Jan Erik Hagen Rolf Inge Nordberg 4.8.1986 Kristian Sandviken vikar Wenche Bøhn vikar fra.1.11.1988 Kari Lundene 15.9.1993-1.8.1994 Håkon Hagen
|
|
|
Postgang.
Samstundes med opprettinga av Reinli postopneri vart det satt i gong "bipost" to gonger i veka med gående postberer til og frå Søndre Aurdal postopneri (Bagn). Postopner Kristoffer Hagene ved Reinli hadde kontrakt på denne ruta. Frå 1893 vart ruta utvida til å gå fire gonger i veka. I 1898 er det nemnt at ruta gjekk tysdag, torsdag og laurdag morgen sumarstid, og om ettermiddagen vinterstid, med retur same dager.
I 1914 vart ruta søknedagleg, men på grunn av sparetiltak i 1925 vart turtallet endre til fire gonger i veka. I dag er det postgang til og frå Reinli alle kvardager i veka med landpostbodet fra Bagn.
Landpostbodruter. Som nemnd var det Kristoffer Hagene som hadde kontrakt på ruta mellem Reinli og Bagn då postopneriet vart oppretta. Denne ruta var og ei landpostrute som hadde med posten til gardene undervegs.
Då Inger Hoff vart postopnar i 1913 trur ein at det var Anton Olsen Bøle fra Stavedalen som førte posten. Seinere er det fortalt, at Gudbrand Skardet (f.1894) og Andreas Hagene (f.1900) bar posten frå Bagn til Reinli ein del år.
Frå 1918 veit ein at det var Knut O. Bakken som bar posten. Han heldt fram til 1946. Då tok sonen hans, Håkon Bannen (f.21.2.1929) over postføringa.
Frå Reinli gjekk det ei landpostrute til Liagrenda, og ei rute gjekk til Stavedalen. Ruta til Liaagrenda vart opprette 1.7.1914. Mikkal E. Hasle (f. 9.12.1900) var postbod i ruta fram til omlag 1955.
Ruta til Stavedalen vart oppretta omlag 1915, Vi veit at Olav Nilsen Østgård (f.10.5.1901) vart tilsett i ruta frå 1.7.1919. Han utførte ruta fram til han fylde 70 år og slutta 1.6.1971. Ved hans avskild som landpostbod fekk han Kongens fortenestemedalje som ei utmerking for lang og trufast teneste.
Alle tre rutene er no lagt saman til i bilende rute. Håkon Bakken kjørte strekninga til Liagarda fra omlag 1955 og til Stavedalen fra 1971. Håkon Bakken gjekk av 1.7.1986, og etter han kjørte Kristian Sandviken ei tid ruta som vikar. No er Rolf Inge Nordberg fast tilsett i ruta, men han gjer fyrebels teneste i ei rute frå Ulnes, og for han kjøyrer idag Wenche Bøhn frå Bagn.
Brevhus.
Heilt frå 1.5.1905 har det vore eit brevhus i Liagrenda. Fram til 1.7.1917 høyrde det under Aurdal postopneri. Då vart det flytta til Lien skule og høyrde fra same dato under Reinli postopneri. Namnet var frå 12.12.1933 fastett til Lia skole, men frå 2.3.1934 endra brevhuset namnet til Lii skule.
Kristian Lien var brevhusstyrer frå 1.5.1905. Syver Kvaal frå 15.1.1911 og lærar O. Landmark frå 1.7.1917. Frå 15.7.1922 er gardbrukar Bjørn Dokken brevhusstyrar, og frå omlag 1945 er Sigurd Dokken nemnt som styrer. Brevhuset vart lagt ned 15.9.1956.
Eit anna brevhus som høyrde under Reinli var Fjellstølen. Dette brevhuset kom i versemdt frå 18.12.1961 på Fjellstølen Turistheim. I fyrstninga var brevhuset ope berre i turistsesongen, men fra 1965 var det open heile året. Det var direktøren på hotellet som til ein kvar tid var styrer. Då brevhuset ble lagt ned i 1984 var det Johan H. Krohn som var direktør.
|