***2952 BEITO***

 

 

Beito poståpneri vart oppretta ved Kgl.res 22.12.1884 på garden Beitomarken den 1.7.1885. Dette var det andre postopneriet i Øystre Slidre.

 

Den fyrste postopnaren ved Beito var Knud Knudsen Beito, eller K. K. Beito, som han til vanleg skreiv seg. Han var fødd i 1843.

 

Poståpneriet hadde datostempel av 2-ringsvanleg type (I følge ”Norsk Filatelistika” ble datostemplet levert fyrst i 1887).

 

Då Knud Knudsen Beito tok til som postopnar var løna 30 kroner i året.

 

Han hadde ikkje særskildt lokale til posten, og posten vart opna i stova, der han og sov om natta.

 

Posten til Beito kom med ein gåande kombinert post- og landpostrute fra Øystre Slidre postopneri (No: Heggenes). Fyrst gjekk ruta berre ein gong i veka, men frå 1.10.1890 vart turtallet endra til 2 gonger i veka

 

 K. K. Beito fall for aldersgrensa den 1.7.1921. Då stillinga vart kunngjort ledig, kom det inn 4 søknader. Dotter hans, Ragnhild Knudsdotter Beito (f. 30.5.1873), vart konstituert fra 1.7.1921 og frå den 1.9.1921 vart ho fast tilsett. Ho hadde fra fyre vore vikar og hjelpar ved postopneriet. Då ho vart tilsett var løna hennar 600 kroner i året. I samband med ymse sparetiltak fra Poststyret si side vart løna sett ned til 500 kroner minus 10 % frå 1.4.1928. Likevel vart det fra Poststyret uttalt at "..Postvesenets utgifter fremdeles blir større i forhold til inntektene når utgiftene til bipostruten medregnes...", og det vart sett fram forslag om å leggja ned postopneriet, eller endre postgangen til 2 turer i veka. Ingen av delane vart sette i verk.

 

 

Ragnhild Beito vart sjuk og søkte avskild som postopner fra 1.1.1944. Ho døyde før oppseiingstida var ute, den 21.10.1943.

 

Helga Marie Beito (f. 25.7.1914) som budde på garden tok over postopneriet, fyrst mimmombels og seinare fekk ho fast tilsetting som postopnar frå 1.2.1944. Då ho vart gift dem 21.6.1947 med Ola Lykken, flytta ho til Lykkja som låg omlag 3 km frå Beito. Postopneriet vart likevel verande på same staden, og ho reist att og fram millom der ho budde og postopneriet 3 gonger i veka.

 

I 1952 slutta Helga Marie Lykken som postopnar, og hennar bror som også var gardbrukar på staden, Knut K. Beito (f. 31.12.1907) tok då over styret av postopneriet. Posten heldt ennå til i same stova som den fyrste postopnaren K. K. Beito hadde då han stara i 1885.

 

Borghild Emma Lykken (f. 14.2.1926) overtok som postopnar 1.7.1958, fyrst på prøve, og frå 1.1.1959 vart ho fast tilsett. Postkontoret flytta samstundes til noværande lokaler i Øyang, der det er både pensjonat og landhandel.             

 

I 1964 søkte hun stilling som poståpner ved Mesnali, og ble tilsatt. Hun trakk imidlertid søknaden tilbake, da det var vanskelig for henne og hennes mann å oppgi pensjonatet og forretningen de hadde på Beito.

 

I 1972 ble det gjennomført en postal områdeplan for Øystre Slidre kommune. og det ble fatta vedtak om nedlegging av postkontoret "..frå den dagen Borhild Lykken slutter."

 

Postkontoret ble værende på Øyang Turisthotell, og Borhild Emma Lykken, som fylte 70 år den 14. februar 1996 måtte då søkje avskil frå Postverket. Postkontoret ble mellombels lagt ned frå 1.3.1996 og holdt stengt for kunder. Kunder som henta post ved postkontoret fekk frå same dato posten sin med landpostbodet. Kundene ble anmoda om å sette opp private postkasser som landpostbodet kunne leggje posten i.

 

Endeleg dato for nedlegging ble fastsatt til 1.10.1996.