Bygg ein front mot krigen

Av Sigurd Solberg, Voss RV.

Alle som er kritiske til Nato sin krig mot Jugoslavia må no spørja seg om
Nato har vorte ein rein angrepsallianse. Gjennom medlemsskapen har Noreg
vorte eit krigførande land, og er med-ansvarleg for voldsame bombetokter og
den største flyktningekatastrofa i Europa sidan 2. verdskrigen. Me må vekk
frå Nato-medlemsskapen og byggje front mot vidare krig.

Det er ikkje sant at det ikkje fans alternativ til bombinga! Alternativet
var ikkje å angripe, å halde fram med diplomatiet, å støtte opposisjonen i
Serbia, å utvide inspektørkorpset, å lage ein Balkan-konferanse med alle
landa i området og å la FN gå inn med nøytrale vaktstyrker.

Nato sin krig er ei overkøyring av folkeretten og FN, ein medviten
førebuing til flyktningekatastrofen og ein medviten styrking av Milosovic.
Og førebuingane til krigen - Rambouillet-avtalen (med bombe-ultimatum), var
ingen fredsavtale - men ei okkupasjonsavtale. Ein visste at serberane ikkje
kunne godta henne. Teksten gjev Nato militær og politisk kontroll over
heile Jugoslavia, mest utan restriksjonar.

Nato sin krig er først og fremst USA sin krig, ein krig i rekkja av
overgrep mot folk i verda, ein krig for å syne at USA er einaste
supermakta: at dei kan gjera kva dei vil. At bombinga i Jugoslavia vart
grunngjeven med menneskelege omsyn vert heilt meiningslaust når ein ser kva
for kalde overlegningar som låg føre. Då er dei kyniske orda til USA sin
utanriksminister meir karakteristisk når ho svara «vi synes prisen er verdt
det» på spørsmål i 1996 om kommentar til at ein halv million irakiske born
hadde døydd i perioden 1992-96 på grunn av blokaden mot landet. Og kvifor
nemner ikkje USA menneskelege omsyn når Nato-landet Tyrkia gjer 1 million
kurdarar til flyktningar? I staden auka dei våpensalet til Tyrkia voldsomt.

Dess lenger bombinga av Jugoslavia går føre seg, di meir hålaus og umogeleg
blir stoda i landet. Ver med og press fram ei avslutning av bombinga. Ikkje
godta USA sitt maktspel. Protester mot dei norske krigsvenene deira. Krev
ein annan politikk.