Hartvig Sætra
Ingen av dei avisene som er positive til bombing av Serbia, har
offentleggjort kva som eigentleg står i Rambouillet-avtalen.
I og med at
det var den serbiske avvisninga av denne avtalen som førte til
bombinga,
skulle ein tru at ordlyden var viktig.
I staden for sjølve avtalen får vi vagt formulerte eller
direkte misvisande
opplysningar om ordlyden. Slik som når Peter Raaum (Dagbladet
10.04) i ein
elles balansert artikkel skriv at "serberne forlot Rambouillet med
en
avvisning av kravet om at landets styrker skulle ut av Kosovo,
flyktningene skulle få vende hjem, og trygges av en NATO-styrke."
Dette er
i følgje fredsforskaren Jan Øberg ei svært tendensiøs
og bortimot totalt
misvisande tolking.
Det eksisterte dessutan to avtaleutkast i Rambouillet. Det første
ville
serberane underskrive, men ikkje albanarane. Da sette den amerikanske
delegasjonen seg ned i separate forhandlingar med geriljaen, og det
blei
laga eit utkast som blei presentert for serberane som eit ultimatum.
"Korfor blei avtalen endra?", spør Øberg, og svarar:
"Fordi det verste som
kunne hende for vestlege politikarar og media, var at Jugoslavia sa
ja til
avtalen og kosovo-albanarane nei."
Og Øberg føyer til, etter å ha gått gjennom
avtalen punkt for punkt: " Eg
kjenner ingen sjølvstendig stat på denne jorda som ville
akseptert ein slik
avtale."
Etter å ha lese Øbergs artikkel, kan alle forstå
korfor. Og det er nok
derfor at våre media ikkje gjennomgår det som faktisk står
i avtalen. Det
ville vere for avslørande.
Meir om avtalen kan ein lese i Friheten for 9. april.