NATO ut av Jugoslavia!

Noreg er i krig for første gong på 54 år. Som angrepsmakt! Vi har grenser mot Sverige, Finland og Russland. Dei tradisjonelt nøytrale naboane våre, Sverige og Finland, deltar ikkje i krigen.

Den jugoslaviske staten har fascistiske trekk. Statsideologien er storserbisk nasjonalisme. (Samtidig har "Stor-Serbia" vorte mindre og svakare med Milosevic som president. Som intern terrorist overfor nasjonale minoritetar kan ein samanlikne Milosevic med Hitler, men som trussel mot verdsfreden blir slik samanlikninga feil og farleg.)

Albanarar i Kosovo blir terroriserte, drepe og jaga frå hus og heim. Dette er fascistisk terror som alle demokratisk sinna menneske fordømer. Nasjonal sjåvinisme og etnisk trakassering er ikkje eineståande for Jugoslavia og Milosevic. I nabolaget finn vi liknande forhold mellom Tyrkia og kurdarane og mellom Israel og palestinarane.

I kampen mot nasjonal undertrykking og for nasjonal sjølvråderett fortener det albanske folket i Kosovo heilhjerta støtte, politisk, moralsk og økonomisk – på same måte som kurdarane i Tyrkia (og i andre land) og palestinarane i (og utafor) Israel fortener slik støtte.

Eg kjenner ikkje eit einaste historisk tilfelle der bombing utafrå åleine har svekt posisjonen til eit fascistisk regime. Det motsette har skjedd: Den demokratiske opposisjonen har smuldra opp, nasjonalisme og sjåvinisme har vorte styrkt og fascistiske leiarar har sitte tryggare enn før. Bomber drep ikkje diktatorane, men dei drep barn, kvinner og menn i tusental. Straffetiltaka mot Irak skal i følgje FN sitt barnefond, Unicef, ha tatt livet av meir enn 1,2 millionar barn etter Golfkrigen, mens Saddam sit tryggare enn nokon gong, og alt som måtte likne demokratisk opposisjon blir "unasjonal" i ei krisetid.

Bombinga i Jugoslavia vil svekke all folkeleg opposisjon blant serbarane og styrke nasjonalsjåvinismen. Blir tapa store, vil andre slaviske og ortodokse folk slutte opp om og stø Jugoslavia. Russarane er eit slikt folk. Bombing av serbarar i Jugoslavia styrker fascistiske og nasjonalsjåvinistiske politikarar i Russland. Ein dag kan vi vakne med reaksjonære nasjonalistiske leiarar i Russland og vere i krig med nabolandet vårt i nord.

Parolen må alt i dag bli: Nei til vidare norsk deltaking i krigen i Jugoslavia.

 

Tjøtta, den 26. mars 1999.

 

Einar Jetne