SV, krigen, bombene og NATO

Krigshaukar seier at det finst ikkje alternativ til NATO si bombing av Jugoslavia. Kva anna kan ein gjere for å stoppe Milosevic si etniske trakassering av kosovarane? Kan ein berre stå og sjå på brannstifting, utdriving og valdtekt, utført av serbisk politi, paramilitære dødsskvadronar og vanlege hæravdelingar i Kosovo?

Paramilitære dødsskvadronar finst i mange land. Det som skil dei serbiske frå andre er at mordarane i Serbia ikkje har fått opplæringa si ved amerikanske militærakademi. Dei er heller ikkje finansiert av CIA. Det er det vanlege!

Det brenn i eit hus i landsbyen ved oljekjelda i ørkenen. Ein desperado foreslår at når det ikkje finst vatn i området, må ein bruke olje. Ein kvar som tenker før han handlar skjøner at olje ikkje vil sløkke, men gjere sløkkingsarbeidet umuleg. Og faren for at heile landsbyen skal bli øydelagd vil bli mangedobla. (Desperadoen er agent for eit oljeselskap i Urbania!)

Ingen såg enkle alternativ som kunne redde huset. Kvinnene skjøna at olje ikkje var noko alternativ. Situasjonen vart raskt meir truande for huset. Rådet av eldre menn avgjorde at no var det nødvendig å handle. Det fanst berre eit forslag, eit alternativ. Dei iverksette det!

Oljeselskapet i Urbania overtok branntomta og laga pumpestasjon der det ein gong var ein landsby, ved sida av den tørre gravlunden.

Jugoslavia var ein multinasjonal stat, og er det framleis. Heile rest-Jugoslavia er dobbelt så stort som Finnmark, eller som Sørlandet og Austlandet til saman. Staten har to delrepublikkar: Montenegro og Serbia. Jugoslavia har 10,5 millionar innbyggarar. Ein halv million av ikkje-serbisk nasjonalitet bur i Montenegro. Serbia har to større, tidlegare autonome, indre minoritetsområde: Kosovo og Vojvodina. I Kosovo budde det 2 millionar kosovarar og i Vojvodina ein halv million ungararar. Podgorica – tidlegare Titograd – er hovudstaden i Montenegro. Novi Sad er hovudstaden i Vojvodina og Pristina i Kosovo.

I dag er bortimot 1000 NATO-fly på vengene og bombar teleinstallasjonar, kraftforsyning, bruer, vegar og annan sivil infrastruktur både i Podgorica, Novi Sad og Pristina. (Den politiske leiinga i Montenegro er pro-vestleg og mot den etnosentriske politikken til Milosevic.) NATO seier at på denne måten skal angrepsalliansen "mose" Milosevic i kne! Er det den minste grunn til å tru at siktemålet med "mosinga" er å frelse kosovarane? Eller er ho eit ledd i USA si "planering" av vegen fram mot oljekjeldene i det Kaspiske havet?

SV er i dag eit av dei råaste krigspartia i Noreg. Partilandsmøtet gjorde nettopp vedtak om å stø NATO si bombing inntil Milosevic overgir seg. Etter serbisk kapitulasjon har truleg heller ikkje Pentagon tenkt å halde fram med bombinga. Dermed blir SV og Pentagon sin imperialistiske krigspolitikk heilt samanfallande. Slik kan det gå med eit parti som har gløymt alle tidlegare lærte sosialistiske prinsipp og populistisk (saman med Carl I. Hagen) gjort vêrhanen til den einaste politiske vegvisaren!

 

Tjøtta den 15. april 1999.

Einar Jetne

Fylkestingsrepresentant for RV