(Ei ny og slagkraftig fredsrørsle må skapast!)
Kjell Underlid,
sentralstyremedlem i Norges Kommunistiske Parti (NKP)
Kjell Underlid,
sentralstyremedlem i Norges Kommunistiske Parti (NKP)
Etter at NATO har sleppt sine bomber over Balkan i fleire månader, kan det no sjå ut til at konflikten går inn i ein ny fase, sjølv om ein bør vere ytterst varsam med å spå om det vidare forløpet. I alle fall har bombinga påført sivilbefolkninga ufattelege menneskelege lidingar, og etterverknadene av ein øydelagt infrastruktur og økologisk skadeverk vil utan tvil bli enorme for liv og helse.
Det er særs deprimerande at dette hundreåret, ja, tusenåret, vert avslutta ved at NATO går til åtak på eit europeisk land som på ingen måte har angripe noko NATO-land, og utan at det føreligg FN- mandat for åtaket. Som NATO-medlem er Noreg medskyldig i dette brotet på folkeretten.
På same tid som dette skjer fører NATO også andre krigar. Britiske og amerikanske bombefly rammar stadig mål i Irak, og tyrkiske styrkar drep dagleg kurdararar som kjempar for sjølvråderett. Landet vårt er i særs dårleg selskap og styresmaktene våre har blod på hendene. Når det no skal gjerast reknskap for det 20. århundre, ser vi at desse krigane inngår i eit langt større bilete. Om lag 100 millionar menneske har mista livet i krig sidan år 1900.
USA står i ei særstilling som aggressor. Landet har i si korte historie gått til militære åtak ved heile 220 høve i følgje den framståande fredsforskaren Johan Galtung. Samstundes er USA sjølv det fremste uttrykket for etnisk reinsing, som Milosevic vert skulda for. Landet si urbefolkning, indianarane, vart meir eller mindre heilt
utrydda.
Ved overgangen til eit nytt århundre ser vi at terkselen for krig faktisk er blitt senka, særleg ved at folkeretten ikkje vert respektert og at FN vert sett på sidelina som fredsskapar. I vår tid er krig blitt farlegare enn nokon gong før, først og fremst på grunn av masseøydeleggingsvåpen og moderne krigsteknologi elles, men også avdi massemedia vert brukt på ein langt meir effektiv måte enn før til å legitimere angrepskrig og dempe den folkelege motstanden.
Krigen sine grunnleggjande årsaker er no som før av sosioøkonomisk karakter. Det er tale om imperialistiske stormaktsinteresser, om kamp om avsetnadsmarknader, om investeringssfærer for kapital og om råstoffkjelder. Krig er i sanning politikken sitt framhald med andre middel og handlar først og fremst om makt. Monopola som produserer våpen, generalstaben, toppen i statsbyråkratiet, det ideologiske apparat og den militariserte forskinga er i dei leiiande imperialistiske statar smelta saman i Det militær-industrielle kompleks, som er blitt ein veldig maktfaktor.
Når kapitalen no er blitt globalisert og ikkje kjenner nokon nasjonale sperrer, vil
makthavarane slå ned alle krefter som trugar eller utfordrar pengemakta over alt kring om på jordkloden. Det er i eit slikt perspektiv ein må forstå NATO sin nye "Out of area"-strategi. Vi er medlemmer i ein angrepsallianse!
Den særs deprimerande slutninga ein kan trekke av ovanfornemnde synsmåtar er at vi kan frykte nye krigar i næraste framtid. Krigen på Balkan kan vise seg å vere eit varsel, eit omen, om kva vi kan vente oss. Det finst berre éi einaste kraft i heile verda som kan stoppe ei slik utvikling: Mennesket sjølv.
Det må difor byggast opp ei kraftfull fredsrørsle over
heile jorda som effektivt kan kjempe for fred og nedrustning og mot krig
og militarisme. Her i Noreg er det eit problem at fredsrørsla har
vore nokså passiv det siste tiåret, og at fredskreftene er
splitta opp i nærare eit dusin ulike organisasjonar. Det spørst
om ikkje tida no er inne til å samle fredsrørsla i éin
slagkraftig kamporganisasjon. Kan hende kan dette no bli den viktigaste
oppgåva til dei Antikrigsnettverka som har vore i aktivitet i samband
med krigen på Balkan. Krigen mot krigen må bli permanent, allmenn
og maksimalt verknadsfull!