Bondevik og Vollebæk - krigsforbrytarar?

Harald Haukaa Fjørtoft , Ål
 

For første gong i eit etterkort langt liv føler eg skam over å vera norsk. For første gong følger Noreg storebror USA over den grensa som heiter internasjonal rett. For første gong er Noreg med i militære aksjonar mot eit FN-land utan godkjenning av FN - og dette som støtte til supermakta USA sine interesser i å kontrollera Balkan som bruhovud for kontroll av dei marknadene og råvarene i Europa og Asia som blei "frigjorde" med Sovjet sitt samanbrot.

For alt pratet om å forsvara det albanske fleirtalet i Kosova er berre prat - for kvifor elles har ikkje USA støtta kurderane som i mange tiår har vore utsette for "etnisk rensing" og kvifor har dei ikkje støtta indianarane i Colombia mot utrydding, men i staden støtta desse militærregima med våpen, kvifor har dei ikkje støtta ofra for utdriving og utrydding i ei rekkje andre område? Jo - kan det vera avdi deira lagnad var uinteressant avdi rettferd for desse folka ville svekke USA sitt herredømme og interesser - og ikkje som i Jugoslavia - styrkje det?

Eg føler skam over å vera innbyggar i eit land som let pengar og kamp om kontroll over andre, styre politikken og "forsvaret" i den grad at det går til ein folkerettstridig krig.

Trur de verkeleg at det er av omsyn til Kosova-albanarane?

La oss samle oss om motstand mot USA, NATO - og Noreg - sin krig mot Jugoslavia, mot Serbia si undertrykking av og krig mot innbyggjarane i Kosova og for retten til det albanske fleirtalet i Kosova til sjølv å avgjere si eiga framtid utan innblanding av stormakter som ikkje har andre interesser enn meir makt, kontroll og forteneste.