Kosovoalbanarane er USA og EU sine offerlam
I Kosovo, i Jugoslavia og snart på heile Balkan blir det ført to og kanskje snart 3-4 krigar. Krig er politikk med valdelege middel. Ikkje berre rakettar, fly, bomber, granatar og gevær er våpen i krig. Propagandaen er også eit valdsmiddel. Derfor blir også TV-journalistar militære mål.
Det er lett å sjå to krigar: Krigen mellom Milosevic-regimet og Kosovo, og krigen mellom USA (med NATO-marionettane på slep) og Jugoslavia. Desse krigane høyrer til to ulike tidsaldrar. Den første blir utkjempa klassisk industrielt av landstyrkar med handvåpen og artilleri. Valden er open og brutal. Propagandaen er også brutalt klassisk: kontroll og sensur. Frå USA si side er den andre krigen dataalderen sin krig: laserstyrte "kirurgiske" rakettar kombinert med moderne og fleksibelt manipulerte media. Valden er fordekt.
Kosovarane er part i begge krigane. I Milosevic sin krig er dei den undertrykte parten som alle ser, folket som grip til våpen for å forsvare seg, folket som kjempar for fridom og sjølvråderett mot storserbisk nasjonalsjåvinisme, folket som fører ein tvert gjennom rettferdig krig! I vinter hadde UCK framgang og etablerte dei første frigjorde områda i Kosovo. Eit fritt og sjølvstendig Kosovo var trugande for Milosevic, kanskje også for EU og for USA?
Det er dei lidande kosovarane som rører hjertet til folk i alle land. Det er lidingane deira som får mange til å tru at NATO si bombing av Jugoslavia er eit handslag til offera for den etniske reinsinga til Milosevic-regimet. I propagandaen til NATO er kosovarane sine lidingar hovudsaka, det som får folk i USA og Europa til å stø bombinga.
Likeså lite som den første imperialistiske verdskrigen vart ført for å hemne mordet på ein erkehertug, blir den nye Balkankrigen ført for å frelse kosovarane frå etnisk trakassering. Berre i propagandaen er mishandlinga viktig. Kosovarane kjempa for nasjonalt sjølvstende, for fridom til å forme si eiga framtid. Det vil ikkje Milosevic tillate. Men det vil heller ikkje NATO tillate. I går styrte Milosevic-regimet i Kosovo. I morgon vil USA og England (NATO) rå der. Tyskland og Frankrike (EU) vil rå der. Russland vil også gjerne rå der.
Etter Sovjetunionen er det maktpolitisk ubalanse mellom stormaktene i verda. Det må føre til geopolitisk omfordeling. Jugoslavia var nøytralt i den imperialistiske balansen mellom 1945 og 1989. USA og Vest-Europa ser ikkje lenger nokon grunn til å respektere interessesfærane som vart avtalt på Jalta mot slutten av den andre verdskrigen. Derfor rykker dei austover, både EU og NATO. NATO er USA (og England) sin reiskap. EU er Tyskland og Frankrike sin reiskap. Det er ikkje tilfeldig at USA og England snakkar om NATO-protektorat som den ønska framtidige organiseringa av Kosovo, mens Tyskland og Frankrike snakkar om EU-protektorat. Russland ser for seg eit FN-protektorat med russiske soldatar (men utan NATO-troppar). Her er dei, både dei gamle og dei nye imperialistmaktene. Like under overflata blir interessemotsetningane mellom USA (og England) og EU raskt skarpare, både på det militære og det diplomatiske området. Teoretisk kan EU og Russland finne kvarandre. Men Russland er avhengig av Det Internasjonale Pengefondet (IMF). Der rår USA. Krigen kan bli langvarig og blodig!
Tjøtta, fredag, 23. april 1999.
Einar Jetne
Fylkestingsrepresentant for RV