Imperialistisk erobringskrig på Balkan
Slobodan Milosevic passar som hand i hanske for USA sin imperialistiske Balkanpolitikk. USA ønskjer økonomisk, politisk og militært hegemoni, ikkje berre over Vest-Europa, men over heile verda. Hendingane dei to siste vekene viser at luftkrigen mot Jugoslavia ikkje har noko med humanitær omsorg for folket i Kosovo å gjere. Men lidingane til kosovoalbanarane var viktig for å skaffe folkeleg støtte til krig, oppdeling og delvis okkupasjon av Jugoslavia. Utan Milosevic og dei serbiske overgrepa mot albanarane i Kosovo hadde det vore umuleg å få politisk støtte til erobringskrigen på Balkan!
Sjølvsagt visste strategane i Pentagon at bombinga av Jugoslavia måtte utløyse ekstreme overgrep og masseutdriving av albanarar frå Kosovo. Det var knapt andre politikarar enn Bondevik og Vollebæk som trudde at NATO-styrken var ei underavdeling av Frelsesarmeen.
Det er minst eit halvt år sidan USA sette seg føre å skaffe seg militær kontroll over Kosovo, helst på fredeleg vis ved at Milosevic skulle bli skremt til å akseptere den avtaleteksten som USA la på bordet til den serbiske og kosovoalbanske delegasjonen i Rambouillet. Avtaleutkastet føresette open marknadskapitalisme og indre sjølvstyre i Kosovo, formelt innafor ramma av Serbia. Men folket skulle bli verna av fleire titusen NATO-soldatar: dvs. militær amerikansk okkupasjon av Kosovo. Det er USA sin politikk at viss ikkje Slobodan Milosevic frivillig lar NATO okkupere Kosovo, skal det skje valdeleg og Kosovo skal bli eit NATO-protektorat, lausrive frå Jugoslavia og Serbia.
USA har ofra eit lite muslimsk landområde i Europa som påskelam. Den etniske reinsinga av Kosovo, slaktinga og utdrivinga av eit heilt folk, var kalkulert som resultat då luftkrigen vart sett i gang. Nettopp derfor var det NATO-politikk (hos oss klarast uttalt av Odd E. Dørum og Karl I. Hagen) at kosovoalbanarane (som den "humanitære aksjonen" skulle "frelse") ikkje skulle få varig status som flyktningar utafor Balkan. Først skulle ein la heile verda få sjå kva slags folkemord Milosevic var villig til å iverksette. Dernest skulle ein bombe Jugoslavia i kne og frakte dei ukristelege albanarane tilbake til det utbomba og avsvidde protektoratet.
Viss siktemålet til USA (og marionettane til USA i NATO) hadde vore å sikre eit menneskeverdig liv for albanarane i Kosovo, måtte politikken ha vore ein heilt annan enn den som no har utløyst barbari og massedød blant både serbarar og albanarar. For folka i Jugoslavia og i Kosovo hadde ingen tenkeleg lagnad vore verre enn den som NATO-bombinga har skapt. Men med varig NATO-okkupasjon som mål, er resultatet ein suksess. I Noreg får denne erobringskrigen full støtte frå alle Stortingspartia – med unnatak av tre modige utbrytarar frå SV. SV som parti gir varm applaus til verdas mest brutale og kyniske imperialistmakt. Dette er eit svik mot alt som kan likne sosialisme. Det er forræderi mot folk av alle nasjonalitetar både på og utafor Balkan!
Tjøtta, den 5. april 1999.
Einar Jetne
Nordland RV