Ta imot flyktningane frå Balkan!

Krigen i Jugoslavia har skapt eit hav av menneske på flukt, ein katastrofe som Europa ikkje har opplevd på over 50 år. Nesten ein million albanarar har på få veker kome frå Kosovo til Makedonia og Albania. Inne i Jugoslavia er tre kvart millionar serbarar og like mange albanarar på flukt.

Norske nasjonalsjåvinistar som Carl I. Hagen er for å bombe Jugoslavia, men mot å gje flyktningane asyl hos oss. For at kynismen ikkje skal skrike i auga på alle tenkjande og følande menneske, talar Hagen for at vi skal hjelpe "i nærområda". Til dei kan bli sendt tilbake til eit utbomba og forgifta heimland, skal dei bu i leirar i to av Europas fattigaste land: Albania og Makedonia.

Det er ikkje eit nytt fenomen at folk blir drive på flukt frå land der dei har budd i hundrevis av år. Rundt 150 mil frå Albania og Makedonia ligg Libanon, eit land som husar rundt halvparten av to millionar palestinarar som Israel har reinska ut av sitt heimland, ei etnisk utdriving som framleis er i gang. Det er klare parallellar mellom framferda til det nasjonalsjåvinistiske Milosevic-regimet i Jugoslavia og regimet i Israel. Begge dyrkar kynisk minnet om nasjonale sigrar og nederlag hundrevis av år tilbake i tida. Sjølve høyrer dei til Guds utvalde folk, mens det folket som blir drive ut blir gitt andre rangs borgarskap i eige land og sett ned på som "undermenneske".

Lenger aust blir kurdarar i hundretusental drive som kveg att og fram over statsgrenser og periodevis massakrert. (Som folk tel kurdarane over 20 millionar.) For ein stor del lever både palestinarane og kurdarane i leirar i nærområda. Ein studie av politikken til Tyrkia og Israel i sine nærområde gir ein peikepinn på kva flyktningar i andre "nærområde" kan vente.

Det finst minst to gode grunnar til at ein ikkje bør søke å halde (alle) flyktningar i nærområda til landa som dei har rømt frå:

Blir flyktningemengdene for store i forhold til statane som dei rømer til, kan dei politiske strukturane bryte saman. Lagnaden til Libanon kan bli lagnaden til Makedonia og Albania. I tillegg har verken Israel eller Tyrkia nøydd seg med utdriving. Når nokre av dei utdrivne har tatt til våpen (Hamas, PKK) for å vinne tilbake tapt land eller for å forsvare seg, har utdrivarane ikkje vike tilbake frå å bombe sivile i flyktningleirar. (Shabra, Shatilla m.fl.) Både Israel og Tyrkia har inntil det siste drive med slik terror. Eg tvilar på om Carl I. Hagen reknar med at Milosevic-regimet er meir humant enn regima i Israel og Tyrkia.

For å dempe lidingane til krigsoffera bør vi utan å nøle ta imot alle dei flyktningane som ønskjer asyl i Noreg. Den norske staten deltar i den barbariske bombinga som dagleg finn stad på Balkan. Det ville vere ei skam om ikkje det norske folket skulle gje vern til dei som måtte ønske det frå oss, vi som er eit av verdas rikaste folk!

 

Tjøtta, den 9. april 1999.

Einar Jetne

Nordland RV