Krigen på Balkan og Norges plass i angrepsalliansen NATO

Erling Folkvords innleiing i Tromsø 8. mai 1999
på åpent møtte arrangert av RV og AKP.


Det finst krigsmotstandarar som meiner det serbiske Milosevic-regimet
er ein uskyldig part. For nokre veker sia snakka eg med
tilsynelatande oppegåande personar som sa at alvorlege serbiske
overgrep mot albanarane i Kosova enda ikkje var bevist. Mitt syn er
at dei som hevdar denslags er politisk blinde på meire enn eitt auge.

I all krig blir det laga løgnpropaganda. Men det finst metoder for å
sortere løgn frå fakta. Både enkelte av OSSE-rapportane og den store
intervju-undersøkjinga frå Leger utan grenser inneheld meir enn nok
av bestialsk rapportering som er kryssjekka på ein seriøs måte.
Derfor meiner eg at dei er langt ute på feil jorde dei som framleis
måtte gå rundt i det trygge Norge våren 1999 og frikjenne
Milosevic-regimet frå å drive med den gamle typen terror som på
90-talet blir kalla etnisk rensing. Om nokon skulle tru at den slags
er noko som Milosevic sine bandar først har funni på etter 24. mars
1999, kan eg anbefale ei lita, men uhyggeleg bok: Helvetes tiende
port. Et halvt år i dødsleir i Bosnia.
Forfattaren er Rezak Hukanovic og norsk utgåve kom på Sypress Forlag i
1993.

Det krigen ikkje handlar om

Hadde NATO vori ute etter å hindre eller begrense humanitære
katastrofar, ja så hadde dei vald metodar som kunne tene eit sånt
formål. Dei kunne for eksempel mangedobla talet på sivile
observatørar i staden for å trekke dei ut.

Hadde
skiftande norske regjeringar i tida etter Murens fall vori ute
etter å hindre humanitære overgrep mot kosova-albanarar, så hadde dei
ikkje tvangssendt kjerkeasylantar og andre flyktningar tilbake til
Milosevic sin terror berre for nokre få år sia.

Hadde dagens regjering vori ute etter å lindre naud så langt råd er,
ja da hadde dei - etter at krigshelvetet var eit faktum - heilt eller
delvis følgt rådet frå Regnbuen antirasistisk senter her i Tromsø.
Regnbuen ba jo justisminister Dørum om å ta i bruk den ferdige
mottaksberedskapen som fylkesmannskontora har liggjande klar i
arkivskapa. Den beredskapen gjer det muleg å ta i mot 50 000
personar.

Derfor kan vi heilt fornuftsmessig slå fast at korkje Clinton, Blair
eller vår heimlege Bombevik var ute etter å hindre ei humanitær
katastrofe. Om vi vurderer desse tre personane ut frå deira eigne
gjerningar, må vi berre innsjå at det dei er ute etter er så viktig at
dei vil gjennomføre det sjøl om det var heilt forutsigbart - entirely
predictable, som øverstkommanderande Wesley Clark sa - at flybombinga
ville føre til ei humanitær katastrofe.

Mussolini 1935 - Clinton & co i 1999

Det liknar på situasjonen for 64 år sia. Da starta Muusolini krig mot
Etiopia og sa til italienarane at det var for å befri slavane som leid
så fælt under diktaturet til Haile Selassie. Og det var eit brutalt
diktatur i Etiopia.

Ingen av dei tre nemnde krigsstiftarane i 1999 er fascistar. Men dei
kopierer Mussolini på to punkt:

For det første misbruker dei rettferdig motstand mot eit brutalt
terrorregime for å skjule at dei sjøl fører ein tradisjonell,
imperialistisk angrepskrig. Ein omfordelingskrig for å få kontroll
over nytt land.

Den andre likskapen er at Mussolinis krig mot Etopia i 1935 og 1936
øydela Folkeforbundet. Det ser ut til at Clintons, Blairs og Bombeviks
krig mot Jugoslavia i 1999 øydelegg FN på liknande måte. FN-paktas
skjøre system for fredeleg løysing av konfliktar blir no erstatta av
amerikansk kanonbåtdiplomati med datatstyrte kryssar-rakettar som er
så kirurgisk treffsikre at det berre er nokre få av dei som treffer
feil land og for eksempel øydelegg eit bustadhus i Bulgarias hovudstad
istadenfor ein TV-stasjon i Jugoslavia.

Kapitalens fire friheter

Dei såkalla Rambouillet-forhandlingane var ikkje forhandlingar, men
ein seremoni for å skaffe påskot til eit USA-styrt NATO-angrep. Ein av
dei som stør NATOs krigføring, professor Svein Mønnesland, vedgår i
Klassekampen i dag at det var eit diktat. (Mønnesland seier:
"Riktignok var avtalen et diktat, men kravene som stilles er ikke
urimelige".)

Eg skal nøye meg med å sitere eitt av dei sentrale punkta i den
avtalen som den norske statsministeren ikkje brydde seg om å lese før
han på vegne av Norge braut FN-pakta og tok den historiske avgjerda om
angrepskrig mot Jugoslavia.

Kapitel 4, artikkel 1 seier kort og enkelt:
"Økonomien i Kosovo skal fungere i samsvar med dei frie
marknadsprinsippa (...) Det skal ikkje vere hindringar for den frie
bevegelsa av personar, varer, tenester og kapital til eller frå
Kosovo".
(Omsett frå engelsk original av EF.)

Du har heilt rett viss du synst dette liknar på noko du har høyrt før.
Det er Europa-unionens grunnlov om kapitalens fire friheter - ikkje
Kosovas frihet - som er skrivi inn i Rambouillet-avtalen.

Det var desse prinsippa - og resten av Maaastrichttraktaten - som den
norske folkeavstemninga i 1994 handla om. Og det var den norske
NEI-regjeringa som fem år seinare gjorde felles sak med USA og gjekk til krig for å
innføre desse frie marknadsprinsippa i ein del av Jugoslavia.

Rambouillet og 1914

Resten av Rambouillet-avtalen er forøvrig ned til minste detalj
utforma som ein okkupasjonsavtale som USA visste at ingen sjølstendig
stat kunne godta. Likskapen er slåande med dei dramatiske hendingane
før krigsutbrotet i 1914.

Eg skal sitere litt frå eit dansk leksikon utgitt i 1928. Etter å ha
skildra opptakten til krisa, skriv dei at den serbiske regjeringa 23.
juli kl. 18.00 fekk overlevert "et Ultimatum af saadant Indhold og
Form, at ingen serbisk Regering kunde gaa ind på dets Fordringer." Men
Serbia vart sett under internasjonalt press for å unngå krig, og "den
serbiske Regering gik da ind paa alt hvad Østerrig havde forlangt,
undtagen de Fordringer, der stred mod Serbiens Stilling som
selvstændig Stat". Dette var ikkje godt nok for Østerrike som derfor
erklærte krig mot Serbia fem dagar seinare.

Eg synst det liknar litt for mykje. Østerrikes krav overfor Serbia var
med vilje formulert slik at svaret måtte bli nei. USA sitt spel rundt
Rambouillet følgjer den østerikske taktikken frå 1914 nærmest punkt
for punkt. USA kravde at Kosova skulle bli eit NATO-protektorat der
NATO sin militærguvernør m.a. skulle ha rett til å godkjenne og
underkjenne dei partia som skulle få stille til val. Dei kravde at
NATO skulle ha full disposisjonsrett til infrastrukturen i heile
Jugoslavia, medrekna jernbanar, vegar, telesamband og flyplassar. Det
står i avtalen at jugoslavisk arbeidslivs- og selskapslovgiving ikkje
skal gjelde for utanlandske selskap som etablerer seg i Jugoslavia
berre for å ta oppdrag for NATO og at Jugoslaviske statsborgarar som
arbeider for NATO ikkje skal betale inntektsskatt. - Dette er krav av
same slag som Wehrmacht stilte til det norske Stortinget i 1940.
Hjernane bak Rambouillet - dvs. dei som styrer NATO - ha skjønt at
dette var krav som inga jugoslavisk regjering kunne godta. Jugoslavia
kunne ikkje godta krava ganske enkelt fordi krava stod i motsetning
til at Jugoslavia er ein sjølstendig stat - akkurat slik som i juli
1914.

Dermed vart Rambouillet den ytre hendinga - det påskotet - som
utløyste den foreløpig siste oppdelingskrigen på Balkan på 1990-talet.
Men alle som tenkjer humanitært måtte sjå at flybombinga som starta
24. mars best kan samanliknast med å sprøyte bensin istadenfor vatn på
eit brennande hus som du veit det er folk inne i. (Jfr. Carl Bildts
framsynte førehandsåtvaring mot å gå til krig.)

Berlinmurens fall og Jalta-avtalen

La oss ta eit lynraskt - og forenkla - tilbakeblikk. Da Berlinmuren
vart knust natt til 10. november 1989 - for mindre enn 10 år sia - var
det Jalta-avtalen frå 1945 om delinga av Europa mellom stormaktene som
hamna på den historiske skraphaugen. I ei bok som Pål Steigan,
tidlegare partileiar i AKP, ga ut for sju år sia, hevda han at "det er
ikke bare Jalta som ligger der i murpussen etter Berlinmuren. I
ruinene av det Jugoslavia som ikke lenger finnes, ligger også en
betydelig del av resultatene av den forrige imperialistiske krigen i
Europa."
Titelen på boka var Vargtid - eller myten om en fredelig
verdensorden.

Steigan meinte i 1992 at samanbrotet i Sovjetunionen og oppløysinga av
Jugoslavia året før ikkje var starten på ein periode med fred og
samarbeid. Han hevda at det kom til å bli innleiinga til ein periode
med krig og ustabilitet. Dei sju åra som har gått, har gitt han meire
rett enn nokon kan vere glad for.

Imperialismen tåler ikkje "tomrom" i hegemonisystemet

Det hundreåret som snart er slutt, har vist oss at imperialismen ikkje
tåler det vi kan kalle "tomrom" i hegemonisystemet mellom stormaktene.
Versaillesfreden etter 1. verdskrigen var ikkje noko anna enn
seierherrane si deling av verda mellom seg. Østerrike-Ungarn gjekk i
oppløysing. Det ottomanske rike som hadde kontrollert store delar av
Balkan, og store delar av Egypt og Midtausten ramla saman før og under
krigen. Dermed rykka andre makter inn for å fylle tomromet.
Storbritannia tok for eksempel Egypt og Palestina og sterk kontroll
over Irak. Frankrike tok Syria. Balkan vart delt opp i sjølstendige
statar. Jugoslavia vart oppretta som eit kompromiss mellom
maktblokkene.

Den arrogansen som seierherrane viste etter 1. verdskrigen, la ein del
av grunnlaget for neste storkrig. Det tapande Tyskland vart både
vanæra og ilagt enorme krigserstatningar. I neste omgang ga dette
Hitler eit grunnlag for å mobilisere og agitere både på såra
nasjonalkjensle og den høgst reelle fattigdomen. Og den neste
storkrigen endte som vi veit, med at dei tre store, Churchill, Stalin
og Roosevelt møttest på Jalta i februar 1945 og vart enige om den
innbyrdes oppdelinga av Europa mellom stormaktene ut frå dei nye
styrkeforholda som var skapt gjennom krigen.

Jalta-avtalen sto seg gjennom den kalde krigen. Korkje borgarkrigen i
Hellas, Ungarn-krisa i 1956 eller Warzawapaktas invasjon i
Tsjekkoslovakia i 1968 rokka ved den oppdelinga som vart teikna ut på
Jalta. Men da Berlin-muren vart knust natt til 10. november 1989 var
det snart slutt. Oppløysinga av Sovjetunionen og Jugoslavia i 1991
gjorde det heilt klart: No var store delar av den maktbalansen som to
verdskriger hadde skapt mellom stormaktene i Europa, annulert.

Tid for nyoppdeling

I den imperialistiske epoken betyr denslags berre ein ting: Tida er
inne for nyoppdeling!
Samanbrotet i Sovjet og oppløysinga av
Jugoslavia "åpna" eit svært område for nyoppdeling: Heile området i
Europa mellom austgrensa til Vest-Tyskland og til den russiske
vestgrensa. Heile det gamle Austeuropa. Området frå Adriaterhavet og
til Svartehavet og vidare austover gjennom dei tidlegare
sovjetrepublikkane heilt fram til den kinesiske grensa. Det er dette
området ein av dei sikkerhetspolitiske rådgivarane til Clinton kallar
Den eurasiatiske korridoren. Spørsmålet vart kort og enkelt: Kven
skal ta over etter Sovjets hegemoni over Estland, Litauen, Latvia,
Polen, Ungarn, Tsjekkoslovakia, DDR, Romania, Ukraina, Moldova,
Bulgaria og dei tidlegare jugsolaviske republikkane. Alt dette var
område som Sovjet hadde rett til å dominere ifølgje den annulerte
Jalta-avtalen. Og vidare: Kven skal dominere det olje- og mineralrike
beltet som strekker seg frå Georgia og Aserbadsjan og
heilt fram til Uzbekistan? Aldri før i imperialismens brutale og
blodige historie har eit så stort område vori klart for nyoppdeling
mellom stormaktene.


Dette skapte ein så sterk ustabilitet at krigar ikkje var til å unngå.
Og krigane har komi på rekkje og rad i det som var sagt å skulle bli
ein ny fredeleg periode med Partnerskap for fred o.l. På 50-årsdagen
var NATO i gang med tre krigar: USA og England sin bombekrig mot Irak
sia desember 1998, Tyrkias krig mot den kurdisk frigjeringshæren og
heile NATOs krig mot Jugoslavia. Dessverre er det ingen grunn til å
tru at dette vil bli dei siste angrepskrigane frå NATO si side.

Tysk framrykking i 1991

Det kompromisset som Jugoslavia hadde vori, vart knust da Tyskland i
1991 pressa fram ei rekordrask EU-godkjenning av utbrytarstatane
Kroatia og Slovenia. No galdt for alle å rive til seg mest muleg før
støvet la seg og ein ny orden skulle opprettast.

Godkjenninga av Kroatia var eit fritt fram-signal til dei kreftene
som ville drive serbarane ut av Krajina og Aust-Slavonia og som ville
gjere det vestlege Bosnia-Hercegovina til ein kroatisk republikk. Men
det betydde og at dei serbiske nasjonalistane som ville skape eit
Stor-Serbia på ruinane av Tito sin stat, måtte skynde seg. Den tyske
iveren etter å sikre seg kontroll med Kroatia - der tysk kapital har
hatt og har stor makt og tette band - dreiv fram både borgarkrigane og den
etniske rensinga i Jugoslavia. Dei som styrte Tysklands og EUs
politikk snudde det døve øyret til dei som kravde at ingen del av
Jugoslavia skulle bli internasjonalt anerkjent som sjøstendig stat før ein internasjonal
konferanse hadde utforma avtalar både om innbyrdes grenser og om fulle
nasjonale og kulturelle rettigheter for alle etniske grupper.

Det tyske initiativet i 1991 er ein viktig del av forklaringa, men det
reduserer sjølsagt ikkje det sjølvstendige ansvaret til
nasjonalsjåvinistiske bandittar som Tudjman og Milosevic.

Tyskland tok USA på senga i 1991. Men USA brukte ikkje lang tid på å
trappe opp sin eigen innsats for å bli med på gjenoppdelinga av
Balkan. Eit av dei første stega var å gjere Albania til eit
amerikansk lydrike. Seinare har dei rykka fram nokså allsidig mot det
såkalte "Rest-Jugoslavia", heilt til framrykkinga skifta over til åpen
krig 24. mars 1999.

Det fredelege Norge budde seg på angrepskrig i 1994

Det er berre delvis sant at Stortinget og regjeringa ikkje var budd på
denne krigen. Militært sett er Norge ikkje klar for slik krigføring,
ganske enkelt fordi det alt vesentlege av militær opplæring og
planleggjing og militære utstyrsinnkjøp i Norge har tatt utgangspunkt
i at forsvaret skal brukas defensivt. Det tar lang tid å snu på
dette, sjøl om snuoperasjonen starta for fleire år sia.

Men på eitt område har Norge vori føre var. Hausten 1994 laga
Stortinget den prosedyren som skal følgjast når Norge skal gå til
angrepskrig i strid med folkeretten og FN-pakta. Desse reglane var
ein del av ei større sak med den tydelege overskrifta Bruk av norske
styrker i ulandet. (Forsvarskomiteens Innstilling S. nr. 23 (1994-95)
for dei som vil gå til originalkjeldene.) Stortingsfleirtalet slo da
ettertrykkeleg fast at

"eventuell norsk deltakelse i (…) fredsoperasjoner uten formelt mandat
fra FN eller OSSE, (…) vil måtte vurderes i hvert enkelt tilfelle og
forelegges Stortinget."


Denne setninga bør du lese eit par gonger. Viss du trur at setninga
betyr at Stortinget skal fatte vedtak før Norge kan gå til
angrepskrig, så har du misforstått.

Uttrykket "fredsoperasjoner uten formelt mandat fra FN" er den ord og
bokstavsamanstillinga som stortingspolitikarar bruker når dei meiner
angrepskrig eller berre regulær krig. Og dei to orda "forelegges
Stortinget"
betyr ikkje at Stortinget skal fatte vedtak i saka eller
behandle spørsmålet i stortingsmøte. Viss den siterte setninga skal
omsetjast til eit tydeleg daglegnorsk, blir det slik:

"Viss Norge skal gå til krig mot ein annan stat utan at
Sikkerhetsrådet i FN har vedtatt eit mandat, så er det ikkje
nødvendig å behandle spørsmålet i stortingsmøte. Det er regjeringa som
skal vurdere kvart enkelt tilfelle og gjere vedtak. Før regjeringa tar
avgjerd om slik krig skal den undervegs sørge for hemmeleg samråding
med Den utvida utanrikskomiteen."
Regjeringa og presidentskapen i Stortinget kan sjølsagt bli einige om andre former for samråding, og viss dei skulle ønskje det kan dei i enkelte tilfelle velje å behandla saka i formelt stortingsmøte.

Eg argumenterte mot denne nyordninga i Stortinget i 1994. Men eg merka at det var
svært vanskeleg å få folk til å tru meg når eg fortalde kva Stortinget
faktisk vedtok. Eg møtte mange skeptiske fjes når eg fortalde at
Stortinget midt under innspurten før EU-avstemninga brukte tida til å
lage dei prosedyrereglane som måtte vere på plass for det tilfelle at
Norge skulle gå til angrepskrig.

Denne nye prosedyren for å vedta angrepskrig frå 1994 fjerna siste
rest av reelt innhald frå Grunnlovas § 25. Denne gamle paragrafen har
ein klar ordlyd:

For det første slår den fast at forsvaret "maa ikke overlades i
fremmede Magters Tjeneste (.)uden Storthingets samtykke".
Vidare står
det at "Landeværnet og de øvrige Tropper, som ikke til Linjetropper
kunne henregnes, maa aldrig uden Storthingets Samtykke bruges udenfor
Rigets Grænser."
(Landeværnet og Linjetropper er den tids inndeling i
ulike kategoriar forsvarsstyrker, men har lite å seie i dagens situasjon).


Enkelt sagt betyr dette at Grunnlova seier at regulær krigføring i
utlandet krev Stortingsvedtak.

Det er ein språkleg detalj her som er vesentleg. Når Grunnlova seier
"Storthingets Samtykke", så betyr det vedtak i Stortingsmøte. Men når
prosedyrevedtaket frå 1994 seier "forelegges Stortinget" så betyr det
berre at regjeringa skal orientere ein representativ del av
Stortinget. Vanlegvis betyr det den utvida utanrikskomiteen.

Skilnad på president Clinton og svenskekongen Karl Johan

Kravet om Stortingsvedtak kom inn i Grunnlova fordi grunnlovsfedrene
på Eidsvold ville hindre at svenskekongen skulle sende norsk ungdom
til krigsinnsats mot Sverige sine fiendar på kontinentet. Dei
representantane for borgarskap og bondestand som laga Grunnlova meinte
nok at det ville bli lettare å stanse ein eigenrådig svenskekonge viss
han måtte gå omvegen om eit vedtak i Stortinget. Dei rekna vel med at
den politiske striden i forkant av eit slikt eventuelt vedtak ville
styrke befolkninga sin vilje til å stå i mot.

Eg vil tru at fleirtalet i Stortingets forsvarskomite - med Hans
Røsjordet (Frp) i spissen - tenkte omtrent likeeins i 1994, berre med
omvendt forteikn: Viss det skulle bli nødvendig å gå til angrepskrig
blir det nok lettare å få det til utan det politiske oppstusset som
kan oppstå med behandling i eit stortingsmøte der krigsmotstandarane
kan bruke talarstolen for å agitere mot krigen.

I dag ser vi resultatet. Bill Clinton kan sende norsk ungdom til krig
for amerikanske interesser på Balkan utan den omstendelege - og
demokratiske - saksbehandlinga som Karl Johan hadde vorti møtt med om
han hadde prøvd seg på 1800-talet. For Clinton er det jo i tillegg
ekstra greitt med ein lydig norsk statsminister. Han var jo så ivrig i
NATOs og USAs teneste at han tok den historiske krigsavgjerda utan ein
gong å bry seg med lese teksten på det papiret han hadde fått tilsendt
og som altså forklarte kva krigen egentleg handla om.

Spør ein stortingsrepresentant om årsaka

Årsaka til denne lettvinte saksbehandling som går utanom vedtak i
Stortinget, er ikkje at dei folkevalde er generelt likegyldige med
korleis statsrådane bruker den makta dei har fått til låns frå
Stortinget. Sjå berre på kor ivrig dei no fingranskar den nye
statsråden som braut lova og fiksa 70 000 kroner til ein rockekonsert
mot rus.

Viss du møter ein stortingsrepresentant bør du spørje henne eller han
om kva som er årsaken til at Clinton kan få tildelt norske styrker til
krig for sine stormaktinteresser utan stortingsvedtak, mens altså
svenskekongen ikkje kunne fått det i førre hundreåret. Du bør minne
stortingsrepresentanten du møter, om at Grunnlovas § 25 korkje er
endra eller oppheva.

"En graverende påstand"

Daverande forsvarsminister Jørgen Kosmo vart hissig da eg i Stortinget
1. november 1994 konfronterte han med planene om angrepskrig i
utlandet. Eg sa i debatten om forsvarsbudsjettet at det "blir lagt
planer for at norske jenter og gutar skal drepe og døy for tyske og
franske stormaktsinteresser".
Eg kunne godt tatt med amerikanske
stormaktsinteresser og, utan at forsvarsministeren sin reaksjon hadde
vorti mildare. Statsråd Kosmo svara, med høgt stemmeleie at "dette er
en så graverende påstand og et så graverende utsagn fra en folkevalgt
stortingsrepresentant at jeg finner grunn til som forsvarsminister å
ta avstand fra det her fra denne talerstol for at det hos våre
nærmeste allierte ikke på noen måte skal bli oppfattet slik at noen
representanter i den norske nasjonalforsamling tar avstand fra de
allierte som planlegger for å komme oss til unnsetning i en gitt
situasjon"
. (Stortingsreferat 1. november 1994, side 871)

Den gongen let Stortinget seg lulle inn i minnet om det gamle
NATO-konseptet som sa at alliansen berre skulle føre forsvarskrig.

Men no, drygt fire år seinare ser vi kva det handlar om: Norske
styrker er med i oppdelingskrigen på Balkan, ein krig der Tyskland og
USA enn så lenge ser ut som om dei er allierte sjøl om dei samtidig
har innbyrdes motstridande stormaktsinteresser.

Det hjelper lite å late som om imperialismen ikkje finst, slik Jørgen
Kosmo gjorde 1. november 1994. Den beinharde kampen mellom Tyskland,
USA og Russland kjem til å fortsetje, sjøl om Russland midlertidig er
parkert nokså avkrefta på sidelinja.

Kva skal Norge gjere i ein sånn situasjon?

Bombeviks Norge har vald side frå første dag. Sannsynlegvis vil
regjeringa følgje ein kvar ordre frå Pentagon så lenge USA er
sterkast. Det er eit åpent spørsmål om dei vil ta ordre frå Berlin på
tilsvarande vis dersom tysk imperialisme klarer å svinge seg opp og få
eit overtak. Uansett må vi bu oss på at regjeringa vil kaste Norge ut
i fleire liknande krigar. F.eks. er Norge forplikta av ein hemmeleg
avtale med Tyrkia som forsvarsminister Kosmo skreiv under hausten
1996. Avtalen seier at Norge skal sende ein F16-skvadron til ein
flybase i utkanten at tyrkisk-okkupert del av Kurdistan, dersom Tyrkia
treng hjelp.

Det er opp til oss å vise at det finst eit anna Norge som tar andre
val enn regjeringa.

Det nye NATO-konseptet frå det siste toppmøtet i Washington i april
1999 skaper eit nytt NATO. Den gamle forsvarsalliansen er no ein
angrepsallianse. NATO blir den eurasiatiske divisjonen i eit
USA-styrt verdsomfattande militærpoliti.

Dette betyr med nødvendighet fleire krigar, som vil bli kalla alt
muleg anna enn krig. Men det betyr og motstand frå dei som blir utsett
for NATO-angrep. Noko av denne motstanden vil kome frå regjeringar som
undertrykker sitt eige folk brutalt, slik Milosevic gjer. Andre delar
av motstanden vil kome frå nasjonale og/eller sosialistiske
frigjeringsrørsler som NATO alltid kallar for terroristar. I dag er
den kurdiske nasjonale frigjeringshæren - med PKK som politisk
leiarskap - den sterkaste av desse.

Dette stiller store utfordringar til vår evne til å orientere oss,

Det hastar med å byggje ein brei krigsmotstand.
Ein motstand som både kan stanse NATO-bombinga før krigen spreier seg,
som kan gjere slutt på Milosevic si fordriving av albanarane i Kosova,
og som kan leggje eit grunnlag for at dei kan flytte heim igjen.

NATO må vekk frå Balkan
NATO har ingen plass i den internasjonale styrken som skal vere i
Kosova etter krigen. MEN, NATO-landa har sjølsagt plikt til å betale
gjenoppbyggjinga av det landet dei har øydelagt.

Eit nytt grunnlag for NATO-motstand i 1999

Norge må ut av angrepsalliansen NATO. Men skal vi ha håp om det, må
vi ta på alvor at det er eit heilt anna grunnlag for NATO-motstand
no. Det er så enkelt som at Norge må ut av NATO for å ha sjanse til å
skape eit uavhengig nasjonalt forsvar. For kvart år vi er i NATO vil
oppbyggjinga av angrepsstyrker til utanlandskrig stele større og
større del av forsvarsbudsjettet og eit defensivt forsvar blir meir
og meir forsømt.

Heilt til slutt ei påminning om kva det gamle NATO var, reint
offisielt. Eg gjengir to artiklar frå NATO-pakta som vart vedtatt i
1949 og som framleis ikkje er oppheva:

Artikkel 1
Partene forplikter seg til, som fastslått i De forente nasjoners pakt,
å bilegge enhver mellomfolkelig tvist som de måtte bli innblandet i,
ved fredelige midler på en slik måte at mellomfolkelig fred og
sikkerhet og rettferd ikke blir satt i fare, og i sine mellomfolkelige
forhold å avholde seg fra trussel om eller bruk av makt på noen måte
som ikke er i samsvar med formålene for De forente nasjoner.

Artikkel 7
Denne trakat griper ikke på noen måte inn i og skal ikke tolkes som om
den på noen måte griper inn i de rettigheter og forpliktelser som de
parter som er med medlemmer av De forente nasjoner har etter De
forente nasjoners pakt, eller i Sikkerhetsrådets umiddelbare ansvar
for opprettholdelse av mellomfolkelig fred og sikkerhet.

Den som har sans for det formelle og konstitusjonelle kan dermed trygt
slå fast at den krigen som NATO starta mot Jugoslavia 24. mars 1999,
den er ikkje berre i strid i folkeretten og FN-pakta. Krigen er også
sett i gang i strid med reglane i NATO-pakta. For å seie det på
NATO-språk: Det er ikkje berre ein krig "out of area" - dvs. utafor
NATO-området. Det er og ein krig "out of treaty", dvs. utan grunnlag
i NATO-pakta.

Men det kan vel hende at den krigførande statsministeren vår ikkje har
lesi teksten i NATO-pakta heller?