Einar Jetne
Fylkestingsrepresentant for RV
Då eit B-2-bombefly gav den kinesiske ambassaden i Beograd tre fulltreffarar, fekk vi eit bilde av korleis USA sin krig på Balkan er organisert. "Ulica Trensjevog Cveta 3" (adressa til den kinesiske ambassaden) var det planlagte målet, men "CIA hadde brukt kart frå 1992 og trudde at det var eit serbisk lagerbygg". "El Pais" skreiv 11. mai at turistkart viser at bygget var Kina sin ambassade. Avisa fortel at mange amerikanske diplomatar, inkludert USA sin militærattasje i Beograd, hadde tatt del i lystige ambassadeselskap der i fleire år.
"El Pais" fortel også korleis bombemål blir fastlagt: (1) CIA lagar forslaga. (2) Dernest blir dei godkjent av leiinga for USA sine væpna styrkar i Europa, (3) av sjefane i overkommandoen til Pentagon og (4) av NATO sin militære leiar, general Wesley Clark. Ingen av desse godkjenningsledda hadde oppdaga "feilen". CIA hadde ikkje berre brukt eit gammalt kart. Dei hadde i tillegg støtta seg til nye luftfoto av dei aktuelle måla!
I tillegg til godkjenningskjeda som er referert ovafor, må "meir delikate" bombemål bli autorisert personleg av president Clinton. Årsaka er mulege politiske følgjer eller sivile offer. Pentagon ville verken stadfeste eller avkrefte om presidenten hadde vurdert den kinesiske ambassaden som mål.
Det B-2-flyet som bomba ambassaden hører til eliten i det amerikanske flyvåpenet. Desse bombeflya er "usynlege" (som F-117). Dei opererer mot Jugoslavia frå base i Missouri - så fordekt at dei europeiske allierte til USA ikkje blir informert om operasjonane deira. Frå flyet lettar til det på ny landar i Missouri er det 31 timar i lufta. Hittil har B-2-bombeflya gjennomført meir enn 50 slike oppdrag og slept rundt 500 bomber over Jugoslavia i følgje kommandanten for avdelinga, general Leroy Barnidge.
Det som er referert ovafor viser at dette er USA sin krig. Ingen europear blir "blanda inn" i val eller godkjenning av bombemål. Den einaste oppgåva til NATO-marionettane er å forsvare bombinga overfor eige folk.
Alt tyder på at bombinga av den kinesiske ambassaden var tilsikta.
(Offisiselt måtte Clinton sjølvsagt seie det motsette.) Bortforklaringa
er så meiningslaus at Kina ikkje kan feiltolke meldinga. Det er ingen
grunn til å tru på historia om kart frå 1992. CIA er
ikkje sløve amatørar. Det er ingen grunn til ikkje å
rekne for sikkert at CIA hadde folk ved ambassaden i Beograd fram til like
før krigen tok til. Og det er ingen grunn til å tru at desse
folka ikkje framleis er i hardt arbeid. Viss det var den minste mistanke
om at historia om karta frå 1992 var sann, måtte NATO (viss
organisasjonen hadde nokon innverknad på organiseringa av bombetoktene)
ta frå CIA all styring med bombemål og overføre jobben
til meir profesjonelle i Europa. Men det skjer ikkje! Korfor?
Tjøtta, den 18. mai 1999.
Einar Jetne
Fylkestingsrepresentant for RV.