Stopp bombinga av Jugoslavia!
 
 
 

Sigurd Solberg, Hordaland RV.
 

Gunnar Hetland har eit sjeldant hatsk og unyansert innlegg her i BT sundag
25.april. Eg må forstå han slik at ei stormakt ikkje bør forhandla, men gå
til direkte angrep på andre styresmakter som ein meiner gjer overgrep. Eg
vonar at  det ikkje er mange som har slike standpunkt. Krigen er ikkje
svart/kvitt. Når me veit kor innfløkt stoda på Balkan er, med etnisk
rensing og overgrep frå fleire sider, med store flyktninggrupper på fleire
sider, med stormaktsinnblanding frå fleire land (minst USA og Tyskland),
ligg det så avgjort ikkje tilrette for enkle løysingar.

Det er berre rom for å ta fatt i litt av det som Hetland hiv ut. Eg skal
konsentrere meg om 1) kvifor det er feil å bombe og 2) kvifor USA gjer som
dei gjer.

Den sjølvstendige staten Jugoslavia har ikkje truga andre land med krig.
Eit militært angrep på Jugoslavia er folkerettsleg ulovleg. FN-pakta krev
at medlemane skal løyse konfliktar på fredeleg vis. For Noreg, som er eit
lite land - og som ynskjer å vera meklar og føredøme i ei konfliktfylt verd
- er det farleg og skadeleg å ikkje vera prinsipiell og viljesterk på
folkeretten. Dette er aleine  grunn nok til å gå imot Nato-bombing. Det er
også farleg at at Nato no vert ein angrepsorganisasjon og kan gå inn i
angrepskrig kor som helst organisasjonen har interesse av det.

Svært mange av dei som kjenner konflikten på Balkan - og som ikkje er part
i han eller sit tett under vengene på eit maktapparat i ein stormakt -
åtvara på førehand mot angrepet i Jugoslavia. Høgre-politikaren Carl Bildt
er ein av dei. Argumenta har vore nettopp det som er blitt røynslene
etterkvart: bombinga gjer konflikten verre og vanskelegare å løyse. Folk
sluttar opp om Milosovic, opposisjonen i Serbia vert stoppa, forfylgingane
vert intensivert, det blir fleire flyktningar, lidingane for heile regionen
- inkludert dei 700.000 flyktningane i Serbia - vert verre.

Kvifor går Nato, det vil i hovudsak seie USA, til krig mot Jugoslavia? Kva
for regler for internasjonal åtferd er akseptable? Korleis skal vi
analysere  spørsmålet om Kosovo etter internasjonale rettsprinsipp? Den
respekterte amerikanske skribenten Noam Chomsky drøfta desse spørsmåla den
veka bombinga tok til. Han syner til ein viss motsetnad mellom FN-pakta
(som seier at bruk av makt utanom det som Tryggingsrådet gjer vedtak om, er
ulovleg) - og menneskerettane. Dei siste garanterer folk individuelle
rettar i høve undertrykkjande styresmakter. Forsvar av slike rettar, eller
«humanitær intervensjon» , er nettopp det som blir nytta av USA som
argument for bombinga. Chomsky går gjennom ei rekke konfliktar talet drepne
og talet flyktningar har vore omlag så store eller større enn i Kosovo. Har
USA gripe inn for å gjera katastrofen mindre - eller kva har dei faktisk
gjort? I ei rekkje konfliktar har USA forverra stoda. I Colombia og Tyrkia
stør USA dei som gjer overgrepa. I andre høve held dei seg passive når ei
aktiv deltaking kunne redda folk (minerydding etter krigen i Laos). Chomsky
listar også opp ei rekkje internasjonale konfliktar etter Kellog-Briand
pakta i 1928 (som sette forbod mot krig) - der ei stormakt sa at angrepa
var ein «humanitær intervensjon». Desse er til dømes Japan sitt angrep på
Mandsjuria, Mussolini sitt angrep på Etiopia og Hitler sitt angrep på delar
av Tsjekkoslovakia. Alle angriparane lagde flotte grunngjevingar for
korleis dei hjelpte folk. Det var maktapparatet sitt språk.

Det er viktig at krigen på Balkan vert diskutert, og at synspunkt som dei
til Gunnar Hetland vert møtt og tilbakeviste. Ta del i markeringar mot
bombinga av Jugoslavia!