Av Kjell Underlid
Sentralstyremedlem i Norges Kommunistiske
Parti (NKP)
NATO har no sleppt sine bomber mot mål
i Jugoslavia i fleire veker, og det
er lite som tyder på at krigen vil
ta slutt med det første. Mange har tatt
klare standpunkt - for eller imot NATO-bombing.
Og i denne samanheng finst
det eigentleg ikkje noko mellomstandpunkt
- anten er ein for eller i mot.
Alt anna vert tåketale. Men det
verkar også som det er ei stor gruppe som
er i tvil, og som meiner at saka er særs
komplisert. Vi vert dagleg
"bombardert" med nye informasjonar og
nye analysar og perspektiv.
Diskusjonen og argumentasjonen føregår
mellom anna ut frå historiske,
militære, politiske og moralske
perspektiv. Det er ikkje rart at mange vert
forvirra og rådlause i ein slik
situasjon. Kjensgjerningane, kjernen i
saka, er likevel enkle nok:
For det første: NATO, som Noreg
er medlem av, har gått til militært angrep
på eit europeisk land, Jugoslavia.
For det andre: Noreg er dermed i krig.
For det tredje: Landet som vert bomba er
ein suveren stat med ei folkevald
regjering, og har ikkje framsett militære
trugsmål mot noko NATO-land.
For det fjerde: Angrepa er ikkje godkjent
av FN, og er i strid med
folkeretten.
Dette faktiske situasjonsbiletet er ikkje
spesielt innfløkt og vanskeleg å
forstå. I det offentlege ordskiftet
om konflikten i Kosovo, og
NATO-bombinga, vert det sett fram ulike
synspunkt om årsaker og dermed om
tilskriving av skyld og ansvar. Men dette
er likevel ikkje noko ordskifte
på eit fritt, ope og likeverdig
grunnlag. Den psykologiske krigføringa er
kanskje ikkje alltid like lett å
få auge på for alle, men er likevel høgst
reell. Her spelar dei store media på
lag med NATO og sørger for å bearbeide
opinionen slik at bombinga framstår
som nødvendig ("vi har prøvt alt") og
jamvel moralsk høgverdig ("humanitære
omsyn"). Informasjonen som vert gitt
er er ofte feilaktig og høgst selektiv.
Det vert presentert eit
ufullstendig, fordreia og einsidig bilete
av situasjonen. Det vert
konstruert eit stereotypt fiendebilete,
motparten vert personifisert
(Milosevic) som om krigen berre er retta
mot ein enkeltperson,
svart-kvitt-tenking får dominere
og den språklege manipuleringa ved hjelp
av retoriske knep er iaugnefallande. Slik
prøver krigsherren å hindre
innsikt i krigen sitt sanne vesen og sørge
for at ikkje folkemassane reiser
seg til aktiv krigsmotstand. Det gjeld
om å legitimere krigen.
I NATO-samanheng er psykologisk krigføring
eit eige fag og det er bygt opp
eigne institusjonar som tek seg av dette
(kampen om sinna, om opinionen),
også i Noreg. Folk flest er vel
mest opptatt av den reint moralske sida ved
krigen - er det rett eller gale å
bombe Jugoslavia? Men også moralske
vurderingar vert påverka av slik
psykologisk desinformasjon. Moralske
vurderingar av kva som er rett eller gale
vert dessutan prega av dei
analysane som vert lagt til grunn for
ei forståing av det aktuelle
fenomenet.
Norges Kommunistiske Parti (NKP) er av
den oppfatning at NATO-bombinga er
eit militært uttrykk for imperialistiske
stormaktsinteresser som primært er
av økonomisk karakter og som hentar
si næring frå monopolkapitalen sin
grenselause hunger etter profitt. Det
er ikkje tilfeldig at NATO lanserer
og praktiserer sin nye "ut av område-strategi"
(intervensjonar over heile
jordkloden) i globaliseringa sine glansdagar,
der MAI-avtalen er meint å
setje krona på verket. Når
kapitalen flyt fritt over landegrensene, og dei
multinasjonale stormonopola har sine avleggarar
over heile verda, følgjer
det nærast som ein logisk konsekvens
at NATO også må bli verdspoliti. I
kampen om avsetnadsmarknader, om investeringssfærer
for kapital og om olje-
og råstoffkjelder vert NATO si viktigaste
oppgåve å sikre stormonopola sine
interesser - på kort og lang sikt.
I dagens unipolare verd - der USA i realiteten
er einaste supermakt - kan
dette landet ta seg til rette utan å
måtte ta omsyn til sterke motkrefter.
På noko lengre sikt vil rivaliseringa
mellom dei leiande imperialistiske
maktsentra (USA, EU og Japan) kunne utgjere
ein alvorleg fare for
verdsfreden. Særleg i USA har det
vakse fram eit enormt militær-industrielt
kompleks med ei uhyggeleg makt som i praksis
ikkje er underlagt demokratisk
innsyn, kontroll og styring.
Krigen på Balkan må sjåast
i eit slikt perspektiv. I dette området finst
det enno barrierar og stenglar for den
internasjonale kapitalen. Kontrollen
over Balkan er dessutan viktig ut frå
eit større perspektiv. Regionen er
som ein slags korridor mot større
og viktigare område i Mellom-Austen og
delar av det tidlegare Sovjetunionen.
Her finst det enorme naturrikdommar,
ikkje minst veldige oljeførekomstar.
For den som måtte meine at ein slik
analyse av krigen på Balkan er søkt
og lite adekvat, kan det vere grunn til
å minne om at eit av krava i Rambouilett-avtalen
faktisk var fri
marknadsøkonomi (les: kapitalisme).
No viser det seg at
stortingsrepresentantane som sa ja til
NATO-bombinga ikkje hadde lese denne
avtalen, sjølv om den jugoslaviske
avvisinga av kravet om å underskrive
avtalen vart brukt som påskot til
angrepet.
Direktøren ved fredsforskingsinstituttet
i Lund i Sverige, Jan Øberg, skriv
forøvrig at han ikkje kjenner til
nokon suveren stat på jorda som ville
godta ein slik avtale.
Men uansett korleis ein analyserer krigen
på Balkan - og her vil det vere
ulike syn - må hovudoppgåva
no vere å samle alle gode fredskrefter i ein
brei og slagkraftig front mot NATO-bombinga.
Det minste felles multiplum
som alle krigsmotstandarar må kunne
samle seg om kan samanfattast i to
punkt som eg skal ta for meg i det følgjande.
1) NATO sin angrepskrig løyser
ikkje problema på Balkan, og gjer vondt
verre. Konsekvensane av å bombe
inneber større menneskelege lidingar totalt
sett enn konsekvensane av å ikkje
bombe, mellom anna avdi
flyktningeproblemet aukar. Bombene drep
menneske (den såkalla "kirurgiske"
bombinga er ein illusjon og eit farleg
propagandaknep), men dei meir
langsiktige konsekvensane er kanskje endå
verre. Som etterverknader av ein
øydelegt infrastruktur og eit forgifta
miljø (jamfør bombing av
oljeraffineri, drivstofflager og ammunisjonsarsenal
og frigjering av
uranstoff m.m.) vil det oppstå enorme
menneskelege lidingar. Andre
konsekvensar av NATO-bombinga er politisk
destabilisering på Balkan, i
Europa og i verda elles. NATO-generalane
og deira støttespelarar øydelegg
det skjøre arbeidet for fred og
avspenning og skaper ei meir utrygg verd.
Bombene sår hat som vil leve i generasjonar.
Terskelen for angrepskrig er
blitt senka, og mange spør alt
no: Kven vert neste offer for NATO-angrep?
Mogelege "kandidatar" står nær
sagt i kø. Ein kan såleis seie at ut frå eit
konsekvensetisk og utilitaristisk moralsyn
må bombinga fordømmast på det
hardaste.
2) NATO-bombinga representerer ein praksis
som vanskeleg kan gjerast til ei
allmenn rettesnor i internasjonal politikk
utan å setje verda i brann. Den
tyske filosofen Kant sette i si tid fram
følgjande moralske krav: "Handle
slik at prinsippet for handlinga di kan
gjerast til ei allmenngyldig lov".
NATO bombar her ein suveren stat som ikkje
har truga noko NATO-land
militært, og bryt folkeretten. FN
har ikkje gitt si godkjenning. Kring om i
verda føregår det om lag
30 borgarkrigar der store folkegrupper vert
trakasserte med vald frå herskarklassen.
Dersom ein skulle følgje NATO sin
logikk og vere konsekvente, burde organisasjonen
intervenere militært
overalt der slikt skjer. Men NATO vel
i staden å støtte opp om mange slike
regime. Til dømes vert NATO-landet
Tyrkia, med si brutale framferd mot
kurdarane, aktivt støtta av USA,
militært, økonomisk og politisk. Vi har
her med ein dobbeltmoral å gjere
som det er vanskeleg å finne ord for.
NATO-bombinga let seg rett og slett ikkje
forsvare ut frå reint logiske og
moralfilosofiske prinsipp. Dersom NATO,
med USA i spissen, skulle vere
konsekvente, ville dette utløyse
ein ny verdskrig.
Desse synspunkta burde vere ein tankevekkar
for Verdi-kommisjonen, som
Bondevik-regjeringa fekk oppnemnt. Men
i desse krinsane synest parolen vere
at moral er noko som helst høyrer
privatlivet til og at sniking på trikken
utan å betale billett er verre enn
massiv bombing av ein suveren stat. Det
som elles er mykje framme i diskusjonar
om etikk no for tida er den såkalla
nærleiksetikken. For å forhindre
overgrep må vi etablere nærleik til ofra -
vi må sjå det lidande subjektet
i auga. Depersonalisering, teknifisering og
byråkratisering gjer oss mindre
kjenslevare for overgrep. Det er i denne
samanheng eit tankekors at dei dødbringande
bombene vert sleppt over
Jugoslavia av NATO-pilotar som sit trykt
plassert i teknisk vindunder (les:
monster). Dei er usårbare, og alt
dei treng gjere er å trykke på knappar.
Dei ser ikkje ofra sine, dei lever på
trygg avstand frå dei morderiske
menneskelege konsekvensane av handlingane
sine.
Det ser no ut til at det einaste som kan
stoppe krigen er folkeleg
mobilisering. Breie lag av folket i Noreg
og andre land må engasjere seg
til aktiv motstand mot NATO-bombinga.
Mange seier at krigen er så
komplisert at det er vanskeleg å
ta standpunkt og engasjere seg. Dette vart
også sagt tidleg under Vietnam-krigen,
og fungerer no som då som ein
barriere mot engasjement. Men det viste
seg at den folkelege motstanden mot
USA si krigføring i Vietnam var
ein avgjerande grunn til at USA måtte
trekke seg ut av Indokina. Slik lyt det
bli no også. Javisst er krigen på
Balkan komplisert, men krig-fred-problematikk
handlar også om det enkle og
lettfattelege. Ved å ta i bruk nokre
få og nokså enkle grunnprinsipp, burde
eit overveldande fleirtal av folket kunne
seie eit klart og og eintydig NEI
til NATO-bombinga, og engasjere seg i
anti-krigsarbeid. Det er også viktig
å hugse på at dette ikkje
er noko tradisjonell "høgre-venste-konflikt". Det
finst menneske som er imot krigen i nær
sagt alle leirar, til dømes blant
konservative, kristne og i militære
krinsar (jamfør Carl Bildt, tidlegare
svensk statsministar og leiar for det
svenske høgrepartiet, sitt klare
standpunkt mot bombinga). La oss samle
oss om Nordahl Grieg sine ord: "Krig
er forakt for liv. Fred er å skape.
Kast dine krefter inn: Døden skal
tape!". La dette bli ein samnemnar for
krigsmotstanden, som må bli så brei
og engasjert som mogeleg.