Ta alrunen i bruk mot krigen!

Av Hartvig Sætra, NKP

Dei fleste kjenner sekstiåras fredssymbol, men dei færraste veit at
opphavet truleg er den spesielle forma på rota hos ei vestasiatisk
fjellplante, alrune (Mangdragora officinarum). Rota minner ofte i form om
eit menneske, og har dermed fått magisk verdi gjennom mange tusen år.
Betydninga er ulik i ulike kulturar, men i dei fleste samanhengar har
alrune-symbolet stått for mennesket, for menneskekjærleik og liv. Det
stiliserte alrune-symbolet har blitt brukt som antikrigssymbol i tidlegare
tider, og vart gjenoppdaga i blomsterbarnas tidsalder. Gjennom skiftande
konjunkturar for fred og solidaritet har vår kjære Ole Kopreitan selt
alrune-symbolet frå barnevogna si.
Nå er tida inne til å kjøpe! Ettersom det ennå ikkje er laga jakkemerker
mot bombinga, så la oss ta alrunen i bruk igjen. Vi er i følgje
meiningsmålingane 25% som trassar krigspropagandaen og den massive
partipolitiske oppslutninga om bombinga. La det visast på gata, i bussen og
i caféen.