Harald Haukaa Fjørtoft
Noreg er i krig - som angripar i eit land som ikkje på noko vis har truga landet. Over heile landet har representantar for krigstilhengarane i dag halde talar om frigjering og fred. Over Serbia, Montenegro, Vojvodina og Kosova har Noreg og NATO bomba sivile og øydelagt livsgrunnlaget deira for mange tiår framover.
Kva for økonomiske og politiske interesser har norske kapitalistar i dette området som gjer at dei med eit smil bryt internasjonale avtaler og lover for å kunne kontrollera det? Kva for avtaler har Albania gjort med USA/NATO på førehand ? - oppretting av den gamle albanske drømmen om stor-Albania som stormakt på Balkan?, under kontroll av USA/NATO?
Etter dette bør me gjenreise 17. mai som ein politisk dag slik han var då Wergeland og Bjørnson utvikla han - som ein dag for kamp for nasjonal fridom mot utanlandsk styring.
Forskjellen frå då til nå, er at i dag er me angriparen
og undertrykkaren - det er ein skam.