"Nato sine løgner og hykleri!

Av Hans Ødegård
Bamble Rød Valgallianse

Det er ikkje tvil om at Milosovic er ein skurk som har brukt serbisk sjåvinisme og forfølging av Kosovo-albanarar  for å halde seg med makta. Det er heller ikkje tvil om at Nato sin krig mot Jugoslavia ikkje handlar først og fremst om Kosovo-albanarane, men om Nato sitt nye angrepskonsept: «Utanfor område»-strategien. Rambouillet-avtalen viste seg å være eit ferdigskrive «diktat» utarbeidd av amerikansk UD, som ein rein okkupasjonsavtale, ikkje berre av Kosovo, men av heile Jugoslavia. Etter avtalen sin del B skulle Nato ha uhindra tilgang til å bruke flyplassar, vegar, hamner og jernbaner i  heile Jugoslavia. Nato skulle også  ha retten  til å overta kontroll over og bruke alt kommunikasjonsutstyr, inklusiv all kringkasting i landet. Det vart heller ikkje ført reelle forhandlingar: Kravet frå USA/Nato til Jugoslavia var «Godta avtalen, eller så bombar vi». Ingen regjering i verda ville kunne underskrive ein slik avtale! Det visste USA/Nato på førerhand. «Forhandlingane» var eit spel for det internasjonale galleriet og ein  sjanse for Nato til å teste ut sin nye strategi. Den formelle grunngjevinga for at Norge gikk med i krigen mot Jugoslavia, var at landet ikkje ville skrive under denne «fredsavtalen». Ei rundspørjing  avisa Klassekampen gjorde avslørte at knapt nokon stortingsrepresentantar  hadde kjennskap til innhaldet i denne «fredsavtalen».

Det  mangla ikkje kritiske røster til valg av  metode og advarsler om konsekvensane av krigsplanane,  ikkje minst frå CIA og Pentagon. New York Times rapporterte at Clinton-administrasjonen hadde fått beskjed om at den etniske rensingen av Kosovo ville bli intensivert dersom NATO bomba. Men USA/Nato var så fanga av sin eigen krigsretorikk at dette i seg sjølv sette «Natos troverdighet på spill» og var direkte krigsutløysande. Hele verdsopinionen er ført bak lyset av løgn og hykleri. Når USA/Nato seier dei gikk til krig «for å hjelpe folk i Kosovo», og «for å unngå en humanitær katastrofe», hadde de informasjon om at det motsatte ville skje. Dei hadde behov for å bruke flyktningene i sin propaganda for å vinne opinionen for sitt nye angrepskonsept, og starta bombinga utan omsyn til kva som ville skje med Kosovo-albanarane. Nå vert alle etniske grupper i Jugoslavia ofre for Nato sin politikk, både i og utanfor Kosovo. Etter bombinga har Kosovo-albanarane blitt politisk nyttige og dermed verdige flyktninger. (For to  månader sidan vart flyktningar frå Kosovo tvangssendt tilbake av den norske regjeringa fordi dei ikkje vart forfylgt. Nå bombar den samme regjeringa Kosovo for å beskytte albanarane)! Flyktningane frå Kosovo hjelper til å legitimere «vår» krigsdeltakelse og Norge kan vaske sine hender i deira lidingar.

Tre millionar kurdarar er jaga på flukt av tyrkiske militære,  dei vert sjeldan vist på TV og nokon TV-aksjon til støtte for dei er sørgjeleg uaktuelt. Å anerkjenne at dei som flyktar frå dette regimet er verdige flyktningar, ville være å innrømme at vår viktige Nato-alliert er slemme. Det går sjølvsagt ikkje an!  Eller for å ta eit enda nærare eksempel: I 1995 dreiv Kroatia etniske reinsing av serbarar frå Krajina og Aust-Slavonia og minst 650.000 serbarar vart fordrivne til Serbia. Scenene var akkurat dei same som i Kosovo i dag: Massakrar, valdtekter og tvang. Dette vart knapt nok nemnt i media. Men så er også president Tudjmanns i Kroatia NATO sin mann. Desse flyktningane har no levd i fire år i flyktningleirar i Serbia utan at NATO eller FN har gjort noko for å støtte dei. Likevel ventar vi at serbarane skal tru at Jugoslavia  vert bomba fordi NATO vil hjelpe folket i Kosovo!
 

Eg skal la være å utdjupe USA si rolle som leiande i verda i hykleri og dobbeltmoral. Lista over støtte til despotar og tyrannar ville være for omfattende til å føre opp i eit lesearbrev. Eg vil i denne samanheng nøye meg  med et illustrerende og relevant eksempel. Da Tjetsjenia gjorde opprør og ville rive seg laus frå Russland, utførte den russiske hæren grove overgrep mot sivilbefolkninga. USA kritiserte ikkje dette, men tvert i mot applauderte og samanlikna situasjonen med den amerikanske borgerkrigen, da Lincoln ikkje ville la sørstatane rive seg laus. Av alle despotar rundt i verda er det imidlertid BERRE de som trassar USAs nye verdsorden, som skal straffast og trua til underkasting. Overgrepa desse regima gjer får stor merksemd i media og brukt for alt det er verdt, demoniseringa vert total og uten nyansar, slik som med Milosovic.

Ved få konfliktar i verda har forhandlingar blitt prøvd så lite som Kosovo, sjølv om krigspropagandaen ønskjer å plante i oss oppfatningar av typen «alt er prøvd, vi hadde ikkje andre alternativ, noko måtte vi jo gjøre». Eg kan liste opp ei rekke tilsvarande konfliktområder, der «verdssamfunnet» har hatt uendeleg tålmod: Indonesia sine overgrep på Aust-Timor der ein tredel av folket er utrydda, de tyrkiske Nato-generalane si slakt av kurdere, Israels uendelige lange rekke av overgrep og brudd på FN avtalar. Dette har ikkje kvalifisert til eit einaste dømmande ord, langt mindre bomber. USAs vurdering av statsleiarar kan oppsummerast slik: «He is a bastard, but he is OUR bastard».

Det ideologiske forsvaret av bombinga av Jugoslavia spesielt, og USA/Natos nye angrepsstrategi generelt, er den samme som den engelske forfattaren Kipling kalla «den kvite mann si byrde» på slutten av forrige hundreår. (Byrda med å erobre den 3. verda for å bringe sivilisasjon til dei innfødde). USA si rolle som sjølvoppnemnd verdspoliti bygger på den same som kolonitidas oppfatning om vesten si overlegenhet og rett til å fremme Vesten sin politiske og økonomiske makt på verdsarenaen.

RV oppfordrar alle dei som er i mot at Norge bomber Jugoslavia om å arbeide hardt for å få stoppa krigen.

Hans Ødegård
Bamble Rød Valgallianse"