Barnehagen til Dyringane  Rydding av råsa til ny trimpost!  

Sist veke var både barnehagen og skulen og rydda den nye turråsa i Dyringane der Lepsøy I.L har lagt ut ny bok.  Turen følgjer ei gamal sauerås som går i frå Gaukane og ut til vegen opp til Storhaugen og gir 2 poeng.  Barnehagen har gått turen mange gongar før, og vi synest det er for gale at ei so fin rås skal gro att.  Håper at mange fleire vil nytte seg av ho, og får glede av den flotte utsikta!  No på sommarstid er det fint å ta turen på kvelden og sjå sola gå i havet.  Råsa er merka med raude "vegastikke", og det er hengt opp plakat på begge butikkane med skisse over kvar ein skal gå.

Helsing Monica

 
 

Foto: Barnehagen (9. juni '09)

Smånytt